Hopp til innhold

Temperaturen steig veldig og plutseleg

Mange stader i fylket steig temperaturen veldig mykje natt til måndag. Faktisk meir enn Magne Tonning, som måler temperaturane i Leirvik, har opplevd nokon gong.

Temperatur

STRYN: Varmt i Stryn, men ikkje varmast i fylket. Frå indre Sogn, til Sunnfjord til Nordfjord auka temperaturane veldig i dei seine nattetimane.

Foto: NRK

– Frå klokka halv tre steig det med åtte grader fram til klokka 06. Det er heilt vilt, seier Tonning.

Han har ikkje opplevd liknande.

– Nei, slike stigingar har eg aldri sett før. Eg har aircondition inne, og då eg kom ut for å sjekke var det som å gå ut av flyet i Syden!

Varmt dei fleste stader

Og ei oversikt over temperaturane klokka 06 syner at det var varmt i heile fylket. Aller varmast var det i Leikanger med 24 grader. Men også i Høyanger, Leirvik, Årdal og Førde var det over 22 grader på morgonkvisten.

Til og med langt til havs på Gullfaks C og på Sognefjellet vart det målt tosifra temperaturar klokka 06.00.

Og seinare i veka vert det enno varmare. Mot midten av veka er det venta opp mot 27 grader.

– Finn fram bikinien

– Vi er i ei veldig varm luftmasse no. På grunn av at det er ein del vind får vi ein føneffekt som slår ned varm luft i låglandet, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Tropenatt vil seie at det er over 20 grader heile natta. For at det skal vere i nærleiken av tropenetter her i Norge treng vi ein del vind, forklarar meteorologen.

– Lærdal var veldig nære tropenatt. Ved midnatt var det 17,6 grader. No er dei oppe i 24 grader!

Måndag vil det vere utrygt for regnbyer mange stader i fylket. Men utover dagen vil det verte betre ver, med periodar med sol frå måndag ettermiddag og kveld.

Tysdag vil verte ein grå dag i indre strøk, med betre ver i ytre strøk av fylket. Men frå onsdag ser det ut til å verte veldig fint ver: varmt, sol og sumar, fortel meteorologen.

– På onsdag vert det meir varme enn vi nordmenn er vande med. Det er berre å finne fram shortsen eller bikinien for dei som ikkje har gjort det enno, seier Valved.