Hopp til innhold

Her ser du kvifor det er så kaldt

Er du lysten på varme no når ferien står for døra? Du må nok smørje deg med tolmod. Kalde luftmasser frå Nordpolen gjer at sommarvarmen let vente på seg...

Vêrkartet syner kalde luftmasser frå nord 2

BRRRRR.....: Denne grafikken frå Meteorologisk institutt syner kalde luftmasser frå Nordpolen. Det medfører kulde i Sogn og Fjordane.

Foto: Meteorologisk institutt

Dei siste dagane har det vore unormalt kaldt til å vere sommar – og mange kjenner nok på behovet for varme dagar no når sommarferien er rett rundt hjørnet.

Temperaturen låg i morgontimane rett i overkant av ti grader rundt omkring i Sogn og Fjordane.

– Temperaturane vil nok liggje på 12–15 grader i dag. Det er ikkje noko særleg sommarvarme, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

– Grunnen er at vi har luft som kjem beint frå nord, faktisk heilt frå Nordpolen. Det blir ikkje annleis dei neste dagane, heller. Så vi er inne i ein kald periode no, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Ottar Fagerlid

MELDER KALDVÊR: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk Institutt

Ventar kald vêrtype og vind...

Frå i ettermiddagen ventar meteorologen mindre nedbør, og berre einskilde regnbyger. Så blir det lange periodar med fint ver.

– Korleis ser det ut med tanke på at ferien står for døra?

– Det ser ut for å bli ein mykje lik situasjon, med vind frå nord og nordvest. Det kan bli tidvis kraftig vind på kysten, det vil liggje på kuling. Det vil ein også merke i indre strok.

– Samstundes ventar vi lange periodar med fint ver. Ikkje så mykje skyer, men altså kaldt, og det ban bli regnbyger i indre strok.

Laster Twitter-innhold

... og det kan komme snø i fjellet

Kombinasjonen med låge temperaturar og fare for nedbør kan også medføre kvitt melisdryss på fjelltoppane. Ifølgje meteorologen kan det komme snø over 1200 meter.

– No skal eg ikkje svartmåle situasjonen heilt, men vi får ikkje dei temperaturane vi har hatt dei siste vekene. Det blir kaldt. Om natta kan vi komme ned mot fem grader. Då kan vi ikkje sjå bort frå at det kan komme snø over 1200–1500 meter, seier Fagerli.

– Det positive er at temperaturane etter helga skal gå oppover igjen. Men vi skal vel uansett ikkje klage. I Nord-Norge har jo snøen komme ned i fjøresteinane, ler statsmeteorologen.