Normal

Telenor kuttar internett – Ørjar må betale rekningar i skogen

FJALER (NRK): – Telenor sin handlemåte er forkasteleg. Eg er forbanna.

Ørjar Eiken

SINT: Ørjar Eiken må gå til skogs for å få 4G-dekning, slik at han får betalt rekningane sine. Frå Telenor har han fått beskjed om at internettsambandet ikkje vil bli repareret fordi det skal kuttast ut.

Foto: Bård Siem

Dette seier Ørjar Eiken frå Hellevik i Fjaler i Sogn og Fjordane. Regnet pøsar ned og skyene heng som eit tjukt, grått teppe nedover fjella. Med permen med ubetalte rekningar i hendene går gardbrukaren ut og legg kursen mot skogen. Etter å ha gått nokre minutt stoppar han.

– Her er det 4G-dekning. Her kan eg betale rekningane mine, seier Eiken.

Det var tysdag i førre veke at han oppdaga at nettet var nede. Eiken ringde feilmeldinga fleire gongar og fekk til slutt beskjed om at det var ein feil i området. Det var uråd å seie kor lang tid det ville ta å få det reparert, fekk han vite av Telenor.

Sjokkert

Neste melding frå Telenor kom som eit sjokk på Eiken.

– På fredag fekk eg vite at det var ein feil på lina mi, men at det ikkje ville bli retta opp fordi lina skulle sanerast. Det er heilt utruleg. Vi fekk heller inga grunngjeving, seier han.

Eiken hadde ikkje trudd at Telenor kunne behandle trufaste kundar på denne måten.

– På ein skala frå ein til ti, er eg høgt oppe på tiaren når det gjeld å vere forbanna. Eg har vore kunde hos Telenor i alle år og betalt for breiband ut oktober. Men det betyr tydelegvis ikkje noko, sukkar han.

Avviser kritikk

Moderniseringsdirektør i Telenor, Arne Quist Christensen, avviser at selskapet har gjort noko kritikkverdig. Han påpeikar at det er fleire grunnar til at Telenor ikkje vil reparere lina opp til Eiken sitt hus.

Arne Quist Christensen

VIL IKKJE BEKLAGE: – Vi har ikkje noko leveringsplikt når det gjeld breiband og må ha offentleg støtte skal vi bygge nytt breiband til Ørjar Eiken sitt hus, seier moderniseringsdirektør i Telenor, Arne Quist Christensen.

Foto: NRK

– Lina består av eit langt strekke med kopar som over tid har vorte dårleg, noko som vil bli svært kostbart å reparere. I tillegg har vi ikkje leveringsplikt når det gjeld breiband, seier Christensen.

Han meiner også at det finst andre alternativ for kunden.

– Både ekstern antenne på hustaket, som forsterkar mobilsignal, og satellittbasert breiband bør kunne vere aktuelle for Eiken, seier Christensen.

Usemje om brev

Christensen fortel vidare at Telenor har send Eiken eit skriv om at lina ville bli sanert.

– Eiken fortel til NRK at han aldri har fått eit slikt brev. Kva kommentar har du til det?

– Vi har loggført at vi har send eit brev med normal postgang om dette. Kva som har skjedd, veit eg ikkje. Vi vil gå igjennom rutinane våre, for det er sjølvsagt ikkje bra dersom kunden ikkje får informasjon på førehand, seier han.

Ørjar Eiken

OPPGITT: – Vi som bur i distrikta betalar skatt som alle andre. Kvifor må vi då ta til takke med eit dårlegare tilbod enn andre, spør Ørjar Eiken? Her er han ute i skogen for å betale rekningar via mobilen sin.

Foto: Bård Siem / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune