30. september i fjor var Navarsete litt for tung på gassen under ein køyretur i Bremanger. I ei 60-sone vart ho målt til 87 kilometer i timen.
Det resulterte i ei bot på 8000 kroner, og den tidlegare samferdsleministeren måtte klare seg utan førarkort i seks månader.
NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med Liv Signe Navarsete, som ikkje ynskjer å kommentere saka.
Det er ikkje første gong det har gått fort unna for den tidlegare samferdsleministeren frå Senterpartiet.
Det som gjorde saka ekstra pikant den gong var at ho i talen sin ved tunnelopninga nettopp snakka om kor viktig det er å halde fartsgrensene.Den gong slo påtalemakta fast at Navarsete ikkje hadde vore merksam nok då bilen framfor ho stogga. Ho rakk dermed ikkje å bremse tidsnok og trefte bilen framfor seg. Navarsete vart sjukmeld etter uhellet.