Hopp til innhold

Tek bladet frå munnen om Fjord1

Ein etter ein tek fylkespolitikarane bladet frå munnen om eit eventuelt Fjord1-oppkjøp.

Åshild Kjelsnes

STATUS QUO: Åshild Kjelsnes og AP ynskjer ikkje å endre Sogn og Fjordane fylkeskommune sin eigarpost i Fjord1.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Onsdag kunne NRK.no fortelje at fylkesrådmann Jan Øhlckers tilrår at Fylkeskommunen sel seg ned frå 59 til 34 prosent eigardel i Fjord1.

Det er ikkje noko Arbeidarpartiet vil gå god for.

– Arbeidarpartiet held seg til programmet vi går til val på, og det betyr at vi framleis vil vere ein majoritetseigar med 59 prosent av aksjane i Fjord1, seier fylkesordførarkandidat for Ap, Åshild Kjelsnes.

Programfesta

Partiet vil verken selje eller kjøpe aksjar i Fjord1. Dermed er fylkeskommunen eit steg lengre vekke frå å nytte seg av forkjøpsretten, og eitt steg nærare eit samarbeid med reiarlaget Havila.

Havila er samde med Møre og Romsdal fylkeskommune om å kjøpe deira 41 prosent eigardel for 362 millionar kroner.

– Arbeidarpartiet held seg til programmet vi går til val på, og det betyr at vi framleis vil vere ein majoritetseigar med 59 prosent av aksjane i Fjord1, seier Kjelsnes.

– Profesjonell og seriøs

Jenny Følling

VELKOMEN: Jenny Følling og Sp ynskjer Havila velkomne til Fjord1.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Senterpartiet har ikkje konkludert, men Jenny Følling sa onsdag at det er viktig å ha ein profesjonell aktør som Havila på eigarsida.

– Havila oppfattar vi som ein seriøs part, som er profesjonelle og som driv godt. Eg trur nok at det å få ein industriell aktør med seg til å vere med å utvikle dette vidare, det vil kanskje vere ein god strategi, sa ho.

Frp vil selje

Mathias Råheim (H) har sagt at oppkjøp i Fjord1 ser vanskeleg ut. Heller ikkje SV, med Norvall Nøringset i spissen, ynskjer oppkjøp.

– I ein situasjon der vi er komne inn i ein anbodsmarknad, så er det vanskeleg å ha økonomisk ryggrad til å eige selskapet åleine, sa han onsdag.

Frp derimot har tidlegare uttrykt ynskje for å selje seg ned i transportselskapet, men er i undertal på fylkestinget.

Får ynskje oppfylt

Dermed verkar det som om Ap får sitt ynskje om «status quo» kring eigardelen i Fjord1. Saka skal avgjerast i fylkestinget 25. august.

– Arbeidarpartiet meiner det er viktig å ha eit sterkt offentleg eigarskap i viktige verksemder, og Fjord1 er ei viktig verksemd, seier Kjelsnes.