Regjeringa har nemleg prioritert utbetringa av den smale og rasfarlege strekninga med bygging av 3,4 kilometer tunnel og 650 meter ny veg.
I følgje planen skal halvparten av utbygginga finansierast ved hjelp av bompengar på ferjestrekninga mellom Oppedal og Lavik. I siste delen av ti-årsperioden er det aktuelt å vidareføre utbygginga av E39 langs Sognefjorden mellom Torvund og Lavik. Dermed vil det vere midtstripe på nesten heile vegstrekninga mellom Vadheim og Lavik.
Marit Bjørkum Aven som har arbeidd for å få rassikre den farlege vegstrekninga seier ho er veldig glad for at Teigen-Bogen ligg inne så tidleg i planen. Samtidig er ho misnøgd med at prosjektet måtte bompengefinansierast for å kome i gang.