Verksemda RindeRekon frå Vik i Sogn og møbelgiganten IKEA har inngått forlik etter at dei møttest i million-strid i tingretten denne veka.
RindeRekon utførte eit omfattande fasadearbeid for IKEA i samband med bygginga av det nye varehuset i Åsane i Bergen som opna i 2012.
Men det synte seg at det oppstod lekkasjar, og IKEA heldt tilbake 10 millionar kroner av oppgjeret for det dei meinte var manglar ved jobben med å montere dei gule og blå fasadeelementa.
- LES OGSÅ:
Slapp rettssak
– Vi er nøgde med å ha kome til eit forlik, men utover det ønskjer vi ikkje å kommentere forliket, seier dagleg leiar i RindeRekon, Bjartmar Rinde, til NRK.no.
Det var beramma fem dagar til ei rettssak mellom partane denne veka, men måndag ettermiddag blei verksemdene samde om ein avtale. Dermed slepp dei ei omfattande rettssak.
- LES OGSÅ:
Ingen kommentar frå IKEA
Kva som er innhaldet i forliksavtalen ønskjer begge partane å halde hemmeleg, også kva økonomiske konsekvensar vedtaket får å seie for RindeRekon.
– Vi kan stadfeste at vi har kome til eit forlik, og det er vi glade for, er Kristian Willanger i IKEA sin kommentar til saka.
RindeRekon har tidlegare tapt eit søksmål mot den tyske leverandøren og produsenten av dei gule og blå fasadeelementa.