Det skriv Bergens Tidende laurdag.
Ikea meiner det skuldast mangelfullt arbeid frå firmaet Rinderekon AS. Det var dei som monterte dei blå og gule platene på det store varehuset som opna dørene i fjor. Møbelgiganten hevdar at det renn inn vatn frå vegg- og takkonstruksjonen og skuldar på arbeidet til Rinderekon.
10 millionar kroner
Men dette tilbakeviser advokat Jørgen Stang Heffermehl som hjelper firmaet.
– Ikea held tilbake pengar som Rinderekon skulle ha fått utbetalt. Det er snakk om ti millionar kroner og sidan Ikea ikkje betalar dette har vi gått til søksmål, seier Heffermehl til BT.
No hamnar saka i retten. Sjølv seier Ikea at kundane ikkje merkar noko til vasslekkasjane i det 38.000 kvadratmeter store varehuset.
– Dette er ein tvist mellom Ikea Norge og Rinderekon etter at det er ein lekkasje i bygget. Utover det vil vi ikkje kommentere saka, seier kommunikasjonsrådgjevar Siv Egger i Ikea Norge.
I utgangspunktet skulle saka opp for Bergen tingrett i desember men den er vorte utsett. Heffermehl trur saka kjem opp for retten i mai 2014.