NRK Meny
Normal

Tapte to av tre kontrakter, blir færre tilsette

Saga fjordbase vann berre fram i konkurransen om ei av Statoil sine kontraktar på basen i Florø. Dermed går det mot oppseiingar i selskapet.

Fjord Base - Statoil

NYE TIDER: Ein ny leverandør skal ta over for Saga Fjord Base i Florø. Dermed held aktiviteten fram på området, men tilsette i selskapet må jakte på ny jobb.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi blir færre i selskapet, men arbeidet skal framleis gjerast i Florø, så det er håp om at nokre av desse får tilbod om nytt arbeid hjå ny kontraktør, seier direktør i Saga Fjord Base, Agnar Strømsnes.

Håpar på løysing for dei som misser jobben

I dag vart det klart at selskapet tapte to av tre avtalar som var ute på anbod, etter å ha levert tenestene til Statoil i ti år. Selskapet skal framleis halde fram med terminaltenester, det vil seie lossing, lassing og interntransport på området. All aktivitet knytt til lager og rør går over til eit nytt selskap. Kor mange som misser jobben på bakgrunn av dette er ikkje klart.

– Vi hadde allmøte i dag og heller ikkje der kunne eg kome med konkrete tal på tilsette som blir råka, seier direktøren.

Tillitsvalde i selskapet innrømmer at det er ein trist dag, men håpar likevel at dei tilsette som blir råka av kutta som kjem, kan få seg nytt arbeid.

– Vi håpar den nye aktøren kan bruke våre folk, for vi har mange flinke. Men, det er ikkje automatikk i det, seier Rune Bortne, ein av dei tillitsvalde i Saga Fjord Base.

Nytt selskap vil bruke lokal arbeidskraft

Han får støtte av Lars Terje Standal, som også er tillitsvald i verksemda.

– Vi får prøve å gjere det beste ut av det. Vi har andre kundar vi skal serve, og må prøve å få mest mogleg aktivitet til basen, slik at vi kan vere flest mogleg der.

Vestbase AS tek over oppdraga som Saga Fjord Base tapte. Dagleg leiar, Alf Dahl, er klar på at dei vil gå i dialog med Saga Fjord Base om samarbeid og kva som trengst av arbeidskraft framover. Han understrekar at det er naturleg for dei å nytte seg av lokal arbeidskraft.

– Vi har ikkje ambisjonar om å trekkje folk frå Kristiansund til Florø for å utføre jobben. Vi må heilt klart sjå kva lokale løysingar vi kan få til. Om det blir like mange tilsette som i dag må vi kome tilbake til, seier Dahl.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå