Arkivfoto NRK
Nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, seier at det berre er kapasitet til eit fåtal av alle kraftprosjekta som er under planlegging. - Sjølv om berre ein del av denne krafta skulle bli utbygd, vil vi nå i taket på nettet både lokalt og sentralt, seier han.
Mange planar i Hyen
Berre i Hyen i Gloppen er det planar om ny kraftproduksjon på opp mot 60 MWh, i hovudsak fordelt på ei rekkje småkraftverk. Om desse kjem i produksjon, vil dei kunne dekkje straumforbruket til om lag 15.000 husstandar. - Dette krev ei investering i nettet på 40 til 50 millionar kroner, seier Aase.
Folkemøte om sprengt lokalnett
SFE-direktøren seier at per i dag er det planlagt ny kraftproduksjon i fylket som tilsvarer halvparten av all produksjon vi har i dag. I går var det folkemøte om nettsituasjonen i Hyen, for der er også det lokale straumnettet allereie sprengt.
- Politikarane må på bana
Torleiv Straume er ein av dei i Hyen som syslar med planar om kraftutbygging. - Eg vil ha politikarane på bana for å få til ei samordning mellom utbygging av kraft og utbygging av linjenettet, seier han.
Enorm interesse
I den vesle bygda i Gloppen er det enorm interesse for å byggje småkraftverk, men no viser det seg at Sogn og Fjordane Energi ikkje har kapasitet til å få meir straum ut av bygda. Kurt Djupvik, som tok initiativ til folkemøtet i Hyen er bekymra fordi bygda her kan gå glipp av gode inntekter. Utbygging av småkraftverk kan gje små bruk med dårleg lønsemd ei viktig ekstrainntekt, seier han.