Hopp til innhold

Taper millionbeløp på brot i EU-forhandlingar

Fiskarar og reiarlag taper millionar av kroner etter at fiskeriforhandlingane med EU braut saman i førre veke.

Frøyanes - verdas største linebåt

ILLUSTRASJON: Fiskerinæringa fryktar at EU nyttar kvitfisknæringa som eit pressmiddel for å oppnå betre rettar og vilkår for pelagisk fiskeri.

Foto: Harald M. Valderhaug

Det er storpolitisk usemje om rettane til å fiske i kvarandre sine soner. Noko som gjer fiskarane djupt fortvila.

– Det er ein flåte som no er sterkt råka av dette økonomisk. Det seier seg sjølv at dette er ein djupt fortvila situasjon. Du skal betale dine forpliktingar og du skal betale mannskapet ditt, seier landsstyremedlem i Fiskarlaget, Geir Magne Røys.

– Krise for fiskarane

I førre veke sat delegasjonar frå Norge og EU i forhandlingar i Bergen om fiske i kvarandre sine farvatn. Signala tidleg i veka var at forhandlingane ville føre fram, men plutseleg braut EU forhandlinga. Kvifor er førebels ikkje klart.

Avdelingsdirektør Oddmund Kvalheim i Sogn og Fjordane Fiskarlag, har derimot sine mistankar.

– Det ser rett og slett ut som at EU brukar kvitfisknæringa som eit pressmiddel for å oppnå betre rettar og vilkår for pelagisk fiskeri. Det er sterkt beklageleg. Det betyr ei krise for fiskarane i Sogn og Fjordane, seier han.

Millionbeløp

For det som er klart, er at både reiarlag og mannskap taper store pengar.

– Det er vanskeleg å estimere, men for reiarlaga kan det variere frå ein halvannan million kroner til 15 millionar kroner, seier Røys.

– Den konvensjonelle havfiskeflåten eller linebåtane får no ikkje fiske i EU-sona, men det som er urovekkjande er autolinebåtane som lenge har fiska i nord i påvente av at forhandlingane skulle komme i boks. Blir dei stogga igjen så blir tapa enda større, held Røys fram.

Ministeren beklagar

– I verste konsekvens blir det å legge båtane til kai og permittere mannskap, seier Røys.

Elisabeth Aspaker

MINISTER: Elisabeth Aspaker (H).

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Fiskeridepartementet har ikkje vore tilgjengeleg for intervju, men fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) seier i ein kommentar:

– Eg beklagar at Norge og EU heller ikkje fekk på plass ein avtale i denne omgang. Vi er allereie på overtid, og dette kunne vore på plass før årsskiftet dersom ikkje EU hadde utsett og forlenga både denne og andre forhandlingsprosessar.

Behov for støtteordning

I Fiskarlaget seier Røys at dei har bede om eit møte med fiskeriministeren for å finne ei løysing.

Det kan vere behov for eigne støtteordningar så lenge norske fiskarar ikkje får fiske i EU-farvatn.

– Eg ser det som ein heilt naturleg konsekvens og reknar med at det blir jobba med dette parallelt, seier han og saman med ei heil fiskerinæringa håpar på snarleg løysing på situasjonen.