Hopp til innhold

Tapar turistar på dårleg nettdekning

Turistar krev raskt internett for å dele opplevingane sine på sosiale medium, men for Sande Camping er det vanskeleg å henge med på utviklinga med treigt breiband.

Sande Camping ved Lovatnet

FÅR IKKJE DELT: Idylliske bilete som dette frå Sande Camping er vanskeleg å dele på sosiale medium for turistar når dekninga er dårleg.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi har så dårleg nettdekning at når vi er mange så bryt heile nettet saman, seier Turid Sande Beinnes, dagleg leiar på Sande Camping.

Lenge har dei ønska seg god nettdekning og fiber i Lodalen, men har enda ikkje fått det. Det er eit problem når stadig fleire turistar krev godt nett og ønskjer å dele opplevingar med venner.

– Det er klart at folk vert misfornøgde. I dag tar dei det for gitt at ein har internett og bra hastigheit. I verste fall så blir dei ikkje her så lenge, seier Sande Beinnes.

Like viktig som vatn i springen

Kristin Krohn Devold

AVGJERANDE: God dekning er avgjerande for turistnæringa, meiner Kristi Krohn Devold.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Kristin Krohn Devold. Direktør for NHO Reiseliv meiner det er heilt avgjerande for turistnæringa. Blant anna er sosiale medium noko av den viktigaste måten ein kan marknadsføre seg i dag på.

– Vi brukar det til å marknadsføre det vi har, og ikkje minst så brukar turistane det til å dele opplevingane med alle vennene sine i inn- og utland som gjer at enda fleire vert freista til å kome til oss, seier Devold.

Lokale og statlege myndigheiter må leggje til rette for nettdekning på turistplassar, meiner ho.

– Å kontakte resten av verda via nettet har blitt ein infrastruktur som er like viktig som straum i kontakta og vatn i springen. Dette er den viktigaste samferdsleutfordringa både for sentrale- og lokale myndigheiter.

Treng meir midlar til utbygging

Jan Heggheim, leiar i nasjonalt breidbandsråd, seier at kommunen og fylkeskommunane kan planleggje og leggje til rette for nettutbygging. Men problemet er at staten berre har sett av 110 millionar kroner til utbygging, og det skal deles på 19 fylke.

– Det er på langt nær godt nok til å løyse behova. Vi trur nok at eit årleg bidrag frå staten på 600 til 700 millionar ville gjort mykje, seier Heggheim.