Hopp til innhold

Tankbil kan ha utløyst eksplosjon

Eksplosjonen ved Vest Tank i Sløvåg sist veke skjedde medan ein tankbil sprøyta saltsyre inn i ein av tankane.

Utbrend tankbil ved eksplodert tank i Sløvåg i Gulen.

Denne tankbilen dreiv med fylling av saltsyre då tanken eksploderte.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Ein kjemisk reaksjon, i samband med fyllinga, kan vere årsaka til at to tankar eksploderte, meiner styreleiar Trond Emblem i Vest Tank.

Det var torsdag i sist veke at to tankar ved Vest Tank sitt anlegg gjekk i lufta.

Ein person vart lettare skadd, men berre flaks gjorde at ikkje liv gjekk tapt.

Avdelingsleiar Tom Erik Hansen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap utelukkar ikkje at dette kan vere årsaka.