Hopp til innhold

Tangerte rekordoverskot

Eit av dei største entreprenørselskapa i fylket, Åsen & Øvrelid i Førde, fekk i fjor eit overskot på 40 millionar kroner før skatt.

Leif Arne Åsen

Stort overskot: Leif Arne Åsen og dei andre i Åsen & Øvrelid kan glede seg over eit overskot på 40 millionar kroner før skatt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi er svært godt nøgde med 2013, vi har for så vidt ikkje forventa at vi skulle klare å halde nivået får 2012. Det seier medeigar Leif Arne Åsen.

Fjoråret blei det beste til no for entreprenørselskapet med 100 tilsette. Med ein omsetnad på 340 millionar kroner, og eit overskot før skatt på 40 millionar er det ei tangering av rekordresultatet frå 2012.

– Forklaring er hard arbeid, og berre det. Vi konkurrerer om dei jobbane vi får med andre dyktige entreprenørfirma, så vi må vere konkurransedyktige på pris. Då er det god planlegging og dyktige medarbeidarar som gjeld.

Store prosjekt

Entreprenørselskapet med hovudkontor i Førde har stått for bygginga av mange dei store signalbygga i fylket dei siste åra. Operahuset i Eid, rådhuset i Førde og Høgskulen og vidaregåande i Sogndal blant anna.

Åsen er budd på at det no ei stund kan bli lenger mellom dei store bygga i fylket.

– Vi manøvrerer jo i høve til det, så difor var det gledeleg at vi fredag fekk melding om at vi er prekvalifiserte, det vil seie at vi får vere med å konkurrere om ein stor entreprise på eit skulebygg på 14 000 kvadratmeter på Voss.

– Lite til tant og fjas

Dei fire eigarane av entreprenørselskapet Åsen & Øvrelid i Førde har tatt ut 50 millionar kroner i utbyte dei siste fem åra. Det går fram av årsrekneskap til selskapet. Pengane er pløgd inn i nye prosjekt, seier Åsen.

– Det er ikkje mykje av dette som er gått til tant og fjas. Alt er framleis i fylket. Pengane er verktøy i verktøykassa som blir brukt til å skape utvikling heile tida.