Hopp til innhold

Tall Ships underskotet veks

Underskotet etter Tall Ships Races i Måløy er nesten to millionar kroner meir enn ein tidlegare trudde.

Kveldssteming under Tall Ships Races i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

Det kjem fram i den endelege rekneskapen som vart lagt fram for formannskapet i Vågsøy måndag ettermiddag.

Kommunerevisjonen i Nordfjord meinte den førre rekneskapen etter seglskutefesten Tall Ships Races var mangelfull . Vågsøy kommune fekk i oppdrag å legge fram ein prosjektrekneskap med detaljerte forklaringar.

Utgifter på anna budsjett

At underskotet er på 14,8 millionar kroner skuldast først og fremst at dei ikkje har ført utgifter kommunetilsette har hatt i samband med seglskutefestivalen i Tall Ships rekneskapen, men i kommunerekneskapen.

Det er brukt 13 millionar kroner meir enn det formannskapet har budsjettert.

Sjå Difor havarerte TSR Måløy

ROBEK-kommune

Underskotet har medverka sterkt til å køyre ein allereie dårleg kommuneøkonomi heilt ut i hengemyra. Nyleg fekk kommunen beskjed om at dei er den åttande kommunen i fylket som hamnar under statleg styring .

Fekk du ikkje med deg seglskutefesten ? Sjå bilete og les om den her.