Hopp til innhold

Tall Ships-strid i kontrollutvalet

Striden mellom Tall Ships-general Helge Hjelle og tidlegare TV-kjendis Alf Tande Petersen blir oversend i kontrolluvalet i Vågsøy.

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er gruppeleiarane i dei ulike partia samde om.

Leiinga i Vågsøy kommune har avvist at Petersen vart kasta ut av ein Tall Ships Race-film fordi det var ein personstrid mellom Helge Hjelle og Petersen.

Men NRK sit no på dokumentasjon som viser at ein slik strid kan ha vore medverkande.

Bitre uvenner

Tande P og Hjelle sitt felles bok-og DVD-prosjekt om Måløy-raidet har ført til at Tande P. og Hjelle har vorte bitre uvenner. Det heile kulminerte med ein mail frå Hjelle til Tande P i juli i fjor, der det i klartekst går fram at Tande P er ute av alt jobbsamarbeid med Vågsøy kommune.

Kontrollutvalet skal granske saka

Gruppleiarane ser alvorleg på dei nye opplysningane, og på møtet fredag vart dei samde om at Kontrollutavalet skal sjå på striden mellom Hjelle og Tande P. Dersom Tande P. vart kasta ut av filmprosjektet fordi han låg i ein privat strid med Helge Hjelle, er det svært alvorleg, seier Vivian Midbø som er gruppeleiar i SV.

- Det er klart at visst det er slik at nokon brukar jobben sin i samband med private anliggande så er ikkje det slik som skal forekomme. Men det veit vi ikkje og difor har vi bede kontrollutvalet sjå på saka.

- All korrespondanse må på bordet

Reiel Fagerli frå Senterpartiet meiner all korrespondanse mellom Helge Hjelle og Tande P, også alle e-postar, må gjerast tilgjengeleg for Kontrollutvalet.

- Viss her er nye mailar, og ein del er tausheitsbelagt så er det same prosedyre for dette. Då må kontrollorgana få sjå på det.