Måløy (Foto: Arild Nybø)
Første regattaetappe blir ein distanse på omlag 800 nautiske mil frå Liverpool til Måløy. Derfrå vil flåten segle fritt langs vestlandskysten til Bergen. Undervegs kan dei ta avstikkarar inn i dei vestlandske fjordar.
13 byar søkte
Seglasen i Ålesund 2001
Andre regattaetappe får ein distanse på omlag 550 nautiske mil til Den Helder i Nederland. Måløy og Den Helder er nye hamner for Tall Ships Race. Bergen har tidlegare hatt flåten på besøk to gonger. I 1993 og 2001 samtidig med Ålesund.
Det var til saman 13 byer som søkte om besøk av gigantregattaen, og mellom desse var Ålesund som denne gongen ikkje vart føretrekt.
Minste byen nokon sinne
Over 100 skuter deltek i seglasen, og 50 000 menneske er venta til Måløy kvar dag medan arrangementet varer. Måløy er den minste hamna som nokon gong har hatt status som hovudhamn i seglasen si over 50 år lange historie.
Sterk søknad
Frå Cutty Sark i Trondheim i 1997.
Jostein Haukali i arrangementskomiteen for seglskuteregattaen seier Måløy blir hovudhamn fordi dei leverte ein svært overtydande søknad. Både Trondheim og Ålesund var sterke kandidatar, men arrangørane konkluderte med at Trondheim låg for langt vekke. Ålesund har vore gjestehamn for seglskutene før, og Haukali seier arrangørane såg Måløy som ekstra spennande fordi byen aldri tidlegare har vore vertskap for Tall Ships Race.
Ungdom er mannskap
Seglasen vert arrangert kvart år i forskjellige område i Europa. Vanlegvis deltek 70 til 100 fartøy frå opptil 20 land. Om bord er det fleire tusen ungdomar. Kravet er nemlig at minst halvparten av mannskapet på kvar båt må være mellom 15 og 25 år.
Dei norske seglskipa "Christian Radich" og "Statsraad Lemkuhl" er typiske Tall Ships.