NRK Meny
Normal

Takkar for seg som fylkesleiar i Framstegspartiet

Frank Willy Djuvik har i dag varsla at han ikkje tek attval som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti.

Frank Willy Djuvik

SLUTTAR: Etter fem år som fylkesleiar i Frp ynskjer Frank Willy Djuvik at andre tek over stafettpinnen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg meiner at no er det på tide at andre overtek den rolla. Med den nye situasjonen vi er komne i, med ny regjering, er det blitt mange fleire og større politiske og organisatoriske oppgåver, og då er det fornuftig at desse rollene blir delt på fleire personar, forklarar Djuvik.

Tidlegare i år varsla Djvuik at han var i tvil om han ville stille som kandidat for partiet i det komande fylkestingsvalet. Her kom han til slutt fram til at han ville halde fram, men tankeprosessen han måtte gjennom då gjorde også at han vurderte rolla si som fylkesleiar.

Ynskjer å lette sakspapirbunken

– Eg har lenge prøvd å frigjere tid til familien. Eg er stort sett på reise, i møter eller sit djupt i politiske dokument, så dette kan kanskje bidra til at eg kan bruke meir tid på familien, seier Djuvik.

Florøværingen er den klart fremste partirepresentanten i fylket, som i løpet av året også har vore med på å setje dagsorden nasjonalt. Då regjeringa til slutt sa nei til å søkje om OL, tolka mange det som ein siger nettopp for Djuvik, fordi Sogn og Fjordane Frp fremja eit slikt forslag til partiet sitt landsmøte.

Vil framleis halde fram som politikar

Djuvik trur ikkje at det blir vanskeleg å finne ein erstattar.

– Eg har tidlegare gjort denne vurderinga. Denne gongen er det mange i fylkespartiet som er vel kompetente, og dyktige folk og som er i stand til å overta vervet. Når vi også går inn i eit krevjande val, er det viktig at flest mogeleg personar har roller som gjer det mogleg å fronte partiet både politisk og jobbe organisatorisk.

Trass i at han no kuttar ned på politiske verv, og ynskjer å bruke meir tid på andre ting enn berre politikk, så trur han ikkje at han klarer å gje seg heilt.

– Det er nok ein gong slik at eg i halve livet mitt har halde på med politikk i Frp. Eg har på mange måtar vakse opp i partiet, så eg vil ikkje vere i stand til å slutte å engasjere meg politisk.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser