Hopp til innhold

Tabelljumbo forsterkar stallen

Eid styrkar stallen med fleire rutinerte spelarar framfor haustsesongen.

Eid sin trenar Frode Nord

FORSTERKAR: Eid-trenar Frode Nord hentar inn rutinerte spelarar i jakta på fornya 3. divisjonskontrakt.

Foto: Stig Høynes

Med berre seks poeng på 13 kampar ligg dei saman med Bergen Nord heilt nedst på 3. divisjonstabellen. Avstanden til Sotra på trygg grunn er 14 poeng. Tre lag rykkjer ned.

Med rutinerte Bjørn Totland (33), Erik Salveson (25) og Henrik Salveson (31) på bana, seier har trenar Frode Nord håp om 20 poeng i haustsesongen.

– Då vil vi ha 26 poeng, noko eg trur skal vere nok til å stå i divisjonen, seier han til Fjordabladet.

Meir stabilitet

Sistnemnde blad Salveson har tidlegare spelt fotball for Follo, Drøbak/Frogn, Åsane, Løv-Ham og Sogndal. I vår fekk Erik Salveson med seg nokre få kampar for Eid.

Det er førebels uklart kor mange kampar trioen vil få utover hausten.

– Eg håpar og trur at rutinen vi no er tilført vil bety ein god del utover hausten, spesielt når det gjeld stabilitet i prestasjonane, seier Nord til avisa.

Måltjuven tilbake

At fjorårets suverene toppscorar Torbjørn Aabrekk er attende etter skade, er også godt nytt for laget som ikkje har vunne ein kamp sidan dei serieopna med siger borte mot Florø i midten av april.

Trenaren seier til avisa at førstkommande laurdag vil stille med det sterkaste mannskapet så langt i år. Motstandar på heimebane i helga er nemnde Florø.

– Det vil sjølvsagt bli ei utfordring i høve til at laget ikkje er samspelt, men vi går sjølvsagt på bana for å ta poeng, seier Nord.