Hopp til innhold

– Eg bur i Noreg og derfor vil eg bli mest mogleg norsk

FØRDE (NRK): Syriske Adam Dean ville takke det norske samfunnet og gjorde noko svært få andre menn har gjort. Han sydde sin eigen herrebunad.

Adam Dean i Sunnfjordbunad

STOLT: Adam Dean i sunnfjordbunaden han sydde sjølv, med god hjelp frå kurset han gjekk på og mor si, Esmat.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg likar norske tradisjonar, og bunaden er ein viktig del av desse, seier Adam Dean engasjert.

Han kom til Noreg som flyktning frå Syria for tre år sidan. Vi møter han på sykurs i Førde. Dei fleste som er her er vaksne, sykyndige damer. Og så Adam då.

– Eg bur i Noreg og derfor vil eg bli mest mogleg norsk, seier Dean.

Når vi møter han første gongen er det mars månad og mykje arbeid står att. Målet er å sy sin eigen sunnfjordbunad til nasjonaldagen. For ein kar som aldri har sydd før, er dette ei formidabel oppgåve.

Torill Håland Hopland og Adam Dean

KYNDIG: Kursinstruktør Torill Håland Hopland hjelper Adam Dean med å tilpasse bunaden.

Foto: Oddmund Haugen

Mykje å lære

– Hadde han kunna å sy med symaskin frå før så hadde det gått betre, for det er eigentleg nokre enkle operasjonar, seier kursinstruktør Torill Håland Hopland med eit smil.

Ho må hjelpe Adam mykje med å få til å sy bunaden. Når vi møter dei, i mars månad, har ho liten tru på at Adam skal klare å bli ferdig til 17. mai. Han har då verken sydd bukse, jakke eller vest.

– Det er vanskeleg å sy. Eg må nok jobbe mykje for å klare dette, seier Adam.

Mor blir med på laget

 Esmat Msouti

GOD HJELP: Esmat Msouti har jobba som skreddar i Syria og har vore til uvurderleg hjelp for å få ferdig bunaden til sonen Adam.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Men Adam har eit ess i ermet. For mor hans, Esmat Msouti, har tidlegare jobba som skreddar. Når ho trår til, går det raskare med bunadsarbeidet. Og ti dagar før nasjonaldagen set dei i siste knappen i bunadsvesten.

– Eg hadde aldri greidd dette utan hjelp frå mor mi. Ho har hjelpt meg mykje, seier Adam med eit stort smil.

Og når kurshaldar, Torill, klarer å skaffe ei bunadsjakke som Dean kan låne får han ein heil bunad å ha på seg på 17. mai.

Vil takke kongen

– Oi! Dette vart skikkeleg fint, seier Adam og smiler frå øyre til øyre, når han har fått på seg ein komplett sunnfjordbunad.

Både kurshaldar Torill og mamma Esmat er imponerte. Men Dean har framleis ein ting igjen på ønskelista si.

– Eg ønskjer å treffe kongen, ikledd norsk bunad.

– Kvifor det?

– Eg vil takke han for at vi har fått kome til Noreg og for at vi har det så bra her, seier ein rørt bunadssyar som er spenna klar til å gå i tog på nasjonaldagen.

Sjå Norge Rundt-innslaget med Adam her:

NRK gjer merksam på at saka vart skriven før Norsk Journalistlag tok medlemmane sine ut i streik.