Sjå alle som vann i julekalenderen

Vi har no trekt hovudpremien i årets julekalender. Den heldige vinnaren får ein kokk på besøk på kjøkkenet sitt.

Gro Ravnestad og Steinar Lindstrøm

FÅ BESØK AV GRO OG STEINAR?: Hovudpremien er eit besøk av programleiar Gro Ravnestad og kokk Steinar Lindstrøm. Dei dekkjer bord og lagar eit betre måltid til den heldige.

Foto: Alf Vidar Snæland

Vinnaren er trekt ut mellom alle som har sendt inn svar og den heldige er Torill Hestad i Utvik.

Premien er eit besøk av programleiar Gro Ravnestad og kokk Steinar Lindstrøm. Dei kjem for å lage ein trerettars middag Dei lovar mat og vin av høg klasse.

Torill Hestad gler seg til å få besøk. Truleg vil ho og mannen invitere nokre venner også.

– Dette var ei hyggeleg overrasking på slutten av året. Det blir kjekt å få servert middag seier ho.

Her er vinnarane:

1. desember: Kva del av sauen er det vi brukar for å lage lammerull eller rullepølse? Rett svar er slagside, slangar eller tynnside.

Vi har trekt ut Sylvi Eltvik i Selje som den første vinnaren i årets julekalender frå NRK Sogn og Fjordane.

2. desember: Vi lurte på kva Steinar måtte ha i bøtta i lag med fisken? Vi skulle fram til salt og sukker. Vi har også godkjent alle svara som har svara salt/saltlake.

Dagens heldige vinnar er Anne Åsebø frå Stårheim. Ho får premie i posten.

3. desember: Slyngplanten som blir brukt i ølet er humle. Vinnar i dag er Arne Senneset i Sogndal.

4. desember: Dagens episode handla om smultringar. Oppgåva var: «Nemn to andre julekaker vi kan steike i smolt». Dette kan vere fattigmann, hjortetakk og rosettbakkels.

Den heldige som blei trekt ut i dag er Knut Bruvoll i Bremanger. Han har svara fattigmann og hjortetakk.

5. desember: Oppgåva var: Kva fisk er det Steinar har i leverposteien sin? Vi skulle fram til ansjos.

Vi har også i dag fått inn mange svar. Den heldige som blei trekt ut er Liv Antonsen i Kjølsdalen. Premie kjem i posten.

6. desember: Gro og Steinar lurte på kva som gjev sukkerølet den karakteristiske smaken. Rett svar er einer.

Mellom mange innsende svar har vi trekt ut Magnar Sande i Førde som vinnar.

7. desember: Utfordringa i dag: Kva er det som gjer at mjølka ostar seg? Det er osteløype som trengst til dette.

Ole-Bjørn Ese i Balestrand er dagens heldige vinnar.

8. desember: Gro og Steinar laga peparkaker og dei lurte på kva som ikkje skulle vere i oppskrifta deira. Rett svar er anis.

Vi har trekt ut Eva Frang i Ridabu som vinnar av denne luka.

9. desember: I dag lurte Gro og Steinar på kva urt som er vanleg å bruke i gravlaksen? Svaret er sjølvsagt dill.

Mange rette svar og Sol Ulvestad frå Sandane er ei av dei som visste kva vi skulle fram til.

10. desember: I dag lurer vi på kva krydder som er viktig å ha i sylteflesk. Vi skulle fram til nellik.

Vinnar i dag er Målfrid Bjørgum frå Kaupanger.

11. desember: Kva er snek i snekalefsa? Dette er råmjølk eller mjølk som ein stryk utover den ferdig steikte leiven.

Ein av dei som visste svaret er Daniel Fossheim i Gaupne. Krus kjem i posten.

12. desember: Kva brukte ein før i tida når ein laga lutefisk? Rett svar er oske/oske.

Dagens heldige vinnar er Asgeir Torvanger i Bulandet.

13. desember: Gro og Steinar fekk besøk av syngjande born på Lucia-dagen. Dagens oppgåve er: Kva krydder er det som gjer lussekattane gule? Vi skulle fram til safran eller gurkemeie.

I dag blei Magni Førde i Deknepollen trekt ut og premie kjem i posten.

14. desember: Kva er dei viktigaste ingrediensane i marsipan? Rett svar er mandlar, eggekvite og melis.

Mange hadde greie på marsipan og sendt inn rett svar. Arne Sunde på Skei får dagens NRK-krus med julesnop.

15. desember: I dag handla det om sursild. Kva blir laken laga av? Vi skulle fram til sukker, eddik og vatn.

I dag kan Geir Pålsrud i Florø gle seg over pakke i posten.

16. desember: Det er karve som gir akevitten den spesielle smaken.

Kristoffer Melheim i Marifjøra har blitt trekt ut som vinnar i dag.

17. desember: I kva land oppstod tradisjonen med juletre? Vi skulle fram til Tyskland.

Dette var eit spørsmål mange visste svaret på. Den heldige vinnaren av NRK-kruset er Margreta Rygg Sandvik på Sandane.

18. desember: Dette var visst ei veldig lett oppgåve. Vi skulle fram til mandel i grauten.

Blant hundrevis av svar, har vi trekt ut Oddny Else Ylvisåker på Slinde som vinnar. Premie kjem i posten.

19. desember: Kva kornsort er det som tradisjonelt er brukt til brygging? Rett svar er bygg.

Dagens heldige vinnar er Vidar Ytrøy på Atløy.

20. desember: Kveita har også eit namn med eit religiøst preg over seg. Rett svar er gudefisk.

I dag er det Audun Olav Eidsnes i Fjærland som kan gle seg over premie i posten.

21.desember: Dette er den såkalla skitnesøndagen. Kva er det ein et då? Sjølvsagt er det sauehovud eller skoltar som står på menyen.

Dagens vinnar heiter Marie Vårdal frå Førde. Gratulerer!

22. desember: Rett svar på kva fisk ein også kan bruke til lutefisk er lange.

Dagens vinnar er Aslaug Solheim frå Øvre Årdal.

23. desember: Det ein kan ha i gløggen er korinter. Det var det mange som visste!

Dagens vinnar er Inger Thue frå Florø.

24. desember: Det ein brukar å ha i botnen av kjelen når ein lagar til pinnekjøt er bjørkepinnar. Det var det mange som visste!

Vi har trekt ut Marit Velle frå Leikanger som vinnar.