Hopp til innhold

Jul i Movika - 13. desember

Det er Lucia-dagen og mange born kjem på besøk til Gro og Steinar i Movika.

Jul i Movika - 13. desember. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

LUKE 13: Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad byr på mange lærerike og spennande oppgåver i førjulstida. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland.

Bli med kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad til Huus-stova ved Sunnfjord Museum. Her blir det ekte førjulsstemning og det skal handle om julemat og juletradisjonar.

Få tips og råd

Kva krydder er det som gjer lussekattane gule?

Med seg har dei råvarer som skal bli til tradisjonell julemat. Det blir gode mattips og historier rundt julematen og juletradisjonane. Det er også det spørsmåla våre skal handle om.

Kvar dag i desember fram til julaftan gjev Steinar og Gro deg ei ny oppgåve du kan bryne deg på. Øvst på sida finn du video med dagens oppgåve.

Fine premiar

Kvar dag blir det trekt ein vinnar som får eit NRK-krus med julesnop. Hovudpremien trekkjer vi mellom alle som har svart i løpet av adventstida.

Premien er eit besøk av sjølvaste Lindstrøm og Ravnestad som kjem heim til den heldige og lagar eit betre måltid!

Veit du svaret? Send inn:

Du kan også sende inn svaret til konkurranse.sfj@nrk.no.