Kvar dag gjennom påska har vi plukka ut ein vinnar som får ein sekk med litt påskegodt i posten.
Under finn du svar og vinnarar:
Måndag 17. april:
I den siste oppgåva denne påska skulle vi fram til brettspel. Den heldige vinnaren blei Jofrid Årset på Vassenden.
Søndag 16. april:
I oppgåva 1. påskedag skulle vi fram til eit ord som er sterkt knytt til den kristne påskefeiringa. Om du klarte alle oppgåvene i wuizen, skal du ha skrive løysingsordet nattverden på arket ditt. Ei som fekk det til var Wenche Lunde frå Stryn. Gratulererer!
Laurdag 15. april:
I dag skulle vi fram til namnet på ein stad mange har vore på dei siste dagane, nemeleg påskefjellet. Det visste mellom anna Erik Brenne frå Sogndal. Vi gratulerer.
Fredag 14. april:
Løysningsordet var noko som ikkje er eit ukjende fenomen her på Vestlandet, nemeleg vårflaum. Det var det mange som visste og vi har trekt ut Turid Brekken frå Svelgen som vinnar.
Torsdag 13. april:
I dag hadde quizmeisteren vår lagt inn eit mellomrom i løysingsordet. Vi skulle fram til bar asfalt. Det visste mellom andre Anne Grete Hoddevik frå Sandane. Vi gratulerer.
Onsdag 12. april:
I dag skulle vi fram til krokus. Den heldige vinnaren vart Tore Handegård frå Balestrand, som også vart årets første mannlege vinnar av quizen. I tillegg kjem det ei lita overrasking i posten. Gratulerer!
Tysdag 11. april:
Løysinga var båtpuss. Vi har plukka ut Siv Kristensen frå Hornindal som dagens vinnar. Ho kan vente seg ei overrasking i posten, gratulerer!
Måndag 10. april:
Løysingsordet i dag var karse. Den heldige vinnaren vart Ingrid Midtgård frå Sæbøvågen. Også ho får ein sekk med litt påskegodt i posten. Vi gratulerer.
Søndag 9. april:
I dag skulle vi fram til løysingsordet kakaobart. Det var det mange som visste, og vi har trekt ut Helga Marit Søvde frå Slinde i Sogn som vinnar. Ho får ein NRK-sekk med litt påskegodt i posten. Gratulerer.
Laurdag 8. april:
Vi skulle fram til løysingsordet marsipanegg. Det var det ikkje berre quizmasteren vår som visste. Miriam Refvik i Fyllingsdalen får æra av å bli årets første vinnar av påskequizen. Vi gratulerer.