Hopp til innhold

Her er påskequizen for 17. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Det var landbruksministeren personleg som inviterte med seg denne lokale drikkevareprodusenten frå Sogn til matmessa Grüne Woche i Berlin. Veit du kva bedrift vi snakkar om?
  2. Kva farge fekk brunostinnpakninga til Tine då dei samarbeidde med Moods of Norway?
  3. Multimillionæren Oddvar Røysi har selt den flytande cruisekaia han har hatt i Skjolden. I kva kommune er det denne kaia no blir sett opp i?
  4. Kjendisdyrlegen hissa på seg forsvararar av nynorsk då ho kalla språket "Helvetes nynorsk". Kva heiter dyrlegen til førenamn?
  5. Politikarane i Vågsøy og Flora vil at Kystvegen skal gå i det ytre alternativet, med veg over ei øy som ligg nordvest for Florø. Kva heiter denne øya?
  6. Røyrgata og trappetrinna over Høyanger får stå i fred. Kven er det som har eigd anlegget, og som har bestemt seg for at dei likevel ikkje vil rive det?
  7. Mange foreldre får heim ein liten kartong med ei grøn urt planta i bomull no til påske. Smaken av urta minner om eit mykje brukt krydder, kva krydder?
  8. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var dette det mest populære gutenamnet i Sogn og Fjordane i fjor. Kva namn var det?
  9. Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad måtte prøve to gonger før ho fekk knust flaska mot ferjesida då nyeferja på sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella vart døypt i januar. Kva heiter ferja? «MF»?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!