Hopp til innhold

SV vil innføre avgift på gruveavfall

I dag vart det kjent at det ligg milliardverdiar i det planlagde gruveområdet på Engebøfjellet. SV vil hente inn nokre av desse verdiane i ein ny gruveavgift.

Lars Haltbrekken

VIL HA AVGIFT: Lars Haltbrekken og SV vil ha ei avgift på gruveavfall.

Foto: NRK

– Vi vil at Nordic Mining også skal betale for den miljøkostnaden dei påfører samfunnet rundt seg. Difor foreslår vi ei avgift på 50 kroner per tonn med gruveavfall som ligg att etter gruvedrifta, seier stortingsrepresentant for SV Lars Haltbrekken.

Haltbrekken, som er tidlegare leiar av Naturvernforbundet, seier at målet er at avgifta skal få gruveselskapet til å gjere noko med avfallet.

– Vi trur at dersom ein får på plass ei sånn avgift, vil det skape insentiv for å bruke avfallet som ligg att til noko produktivt, i staden for å berre dumpe det i fjorden.

Det er særleg planane om at gruveavfallet skal lagrast i eit fjorddeponi i Førdefjorden som er kontroversielt med gruveplanane på Engebøfjellet. I fjor lenka mange folk seg fast til anleggsmaskinene for å protestere mot prosjektet.

Natur og ungdom på Engebøfjellet

KONTROVERSIELT: Planane om gruvedrift ved Engebøfjellet er kontroversielle.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eit dumt forslag

Frank Willy Djuvik (Frp) er ein av dei som har ivra for planane på Engebøfjellet i fleire år. Han er ikkje imponert av forslaget til SV.

– Mitt førsteinntrykk er at det er eit dumt forslag. SV er eigentleg mest oppteken av at dette prosjektet ikkje skal bli noko av, og så tenkjer dei at ei slik avgift vil hindre at det blir lønnsamt.

Frank Willy Djuvik

DUMT FORSLAG: Frank Willy Djuvik tykkjer forslaget til SV er dumt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Frp-politikaren trur ikkje forslaget hadde vore positivt for nokon.

Ei slik avgift vil berre føre til at prisen på å vinne ut mineralet rutil går opp. Vi treng alle rutil, mellom anna til mobiltelefonar, tannpasta og måling. Det vil bli forbrukarane som må betale denne avgifta.

Les også: Dette smellet kan vere verdt 2,7 milliardar

– Dette må dei ha råd til

Haltbrekken i SV meiner på si side at Nordic Mining må ha råd til å betale ei slik avgift, dersom dei vil påføre samfunnet negative miljøkonsekvensar.

– Prosjektet er jo ikkje berekraftig, dersom Nordic Mining ikkje har råd til å betale for den forureininga dei vil sleppe ut i Førdefjorden.

Dagleg leiar i Nordic Mining, Ivar Fossum, ser fram til å lese forslaget frå SV i sin heilskap, men ønskjer å ikkje kommentere saka.