Hopp til innhold

SV-landsmøtet hylla Vevring-nei

SV sitt landsmøte skamroste miljøvernminister og nestleiar Bård Vegar Solhjell for hans mellombelse nei til sjødeponi i Førdefjorden.

Inga Marte Thorkildsen

HOS SINE EIGNE: Nestleiarane Inga Marte Thorkildsen og Bård Vegar Solhjell under SV sitt landsmøte. Solhjell hausta honnør for å ha utsett gruvesaka i Sunnfjord.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi hadde helsingstale frå Natur og Ungdom. Dei avslutta med å overrekke alkoholfri champange til Solhjell og Audun Lysbakken som takk for jobben SV har gjort for Førdefjorden.

Det seier stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane, Vibeke Johnsen, etter landsmøtet som vart avslutta på Lillestrøm søndag.

Utsette avgjerda med eitt år

Torsdag vart det kjent av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell - etter eitt års sakshandsaming - seier eit førebels nei til gruvedrift med fjorddeponi i Førdefjorden.

Det børsnoterte selskapet Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engefjellet ved Vevring, og dumpe overskotsmasse i Førdefjorden. Solhjell vil ha meir utgreiing om kva konsekvensar dette vil få for den nasjonale laksefjorden, og utsette avgjerdsla eitt år fram i tid.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell seier nei til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal

VIL HA FLEIRE SVAR: Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell har gitt Nordic Mining førebels nei til fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Montasje: Cornelius Poppe, NTB/Scanpix, Nordic Mining

Vedtok gruve-uttale

I etterkant av vedtaket har Miøjøverndepartementet måtte tole hard kritikk fordi den første pressemeldinga som vart lagt ut på regjeringa.no, var datert 9. januar. Altså over to månader før vedtaktet vart gjort offentleg.

Det var, kanskje ikkje overraskande, ikkje noko stort tema under SV sitt landsmøte.

Der vedtok SV ein uttale som i sterke ordelag går imot bruk av deponi i norske fjordar.

«I forbindelse med mineralutvinning vil SV ikkje at det tillates nye deponi i sjø, med mindre det eintydig kan dokumenteras at det er berekraftig forsvarlig. Det satsas på utvikling av ny teknologi for annen og meir miljøvennleg handtering av gruveavfall., »heiter det i fråsegna.

– Dette vart heilt klart slått fast på landsmøtet, seier Johnsen.

Miljø vs arbeidsplassar

Vibeke Johnsen

BLIR VALKAMPSAK: Stortingskandidat Vibeke Johnsen trur striden om fjorddeponi vil prege valkampen i Sogn og Fjordane.

Foto: Anna Gytri / NRK

Tonen på Lilllestrøm var dermed ein heilt annan enn i Førde, der Sogn og Fjordane Arbeidarparti heldt sitt fylkesårsmøte denne helga. Der kritiserte fylkesleiar Nils P. Støyva regjeringspartnar SV si handtering av gruvesaka i sterke ordelag. I Ap-krinsar har lovnader om nye arbeidsplassar vogt tyngre.

Johnsen i SV vedgår likevel at det var diskusjon rundt kor vidt mineralnæringa kan gi nye arbeidsplassar.

– Men først og fremst miljøet.

–Men har SV med miljøvernministeren sin inngrepen i røynda gjort noko anna enn å berre utsetje eit vedtak?

– Vi har sagt veldig tydeleg at det skal vere miljømessig heilt forsvarleg før ein driv med utvinning og lagring av mineraler.

Regjeringsskifte kan snu saka

– Kva om vi får ei borgarleg regjering frå hausten av, der berre støttepartiet Venstre har sagt klart at dei er i mot sjødeponi i Førdefjorden?

– Det er rett at dette er ein siger for Førdefjorden - i første omgang. Det blir ein kamp for å setje miljøet og føre-var-prinsippet først. Det blir eit verdival, om vi skal sleppe til ei blå-blå regjering, seier Johsen.

Attval

Bård Vegar Solhjell (Akershus, opphavleg frå Naustdal) var på landsmøtet attvald som nestleiar i SV saman med Inga Marte Thorkildsen. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Hege Lothe frå Gloppen, sit i det nye landsstyret, der Vibeke Johnsen frå Sogndal er vara.

Video Ordføraren er skuffa etter utsetting

SJÅ TV-REPORTASJE: Naustdal-ordføraren er skuffa etter utsetting.