Hopp til innhold

«Hardt for dei fleste, ikkje så gale for meg»

Ski- og sykkeltalentet Sedrik Ullebø er det største sykkeltalentet i sin aldersklasse i Norge. Laurdag vart det spurtoppgjer med krampe i Nordfjordrittet.

Sedrik Ullebø
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Landevegsrittet i Nordfjord er på 130 km og har kring 2000 høgdemeter med klatring gjennom nydeleg natur.

– Det er veldig mykje bakkar og eit veldig tøft ritt, spesielt dersom det går fort heile vegen. Då er det steinhardt, seier Sedrik Ullebø frå Høyanger.

På spørsmål om det gjekk fort heile vegen laurdag ettermiddag, svarar 16-åringen:

– Det gjekk fort for dei fleste, men det var ikkje så gale for meg.

Drog åleine i tre mil mot slutten

På eit tidspunkt rykte Alexander Krill frå Trøndelag frå Ullebø. Men 16-åringen som syklar for Sogn Cykleklubb støytte seg opp at til leiaren.

Løpet vart avgjort dei siste 800 meterane, i ei svært hard stigning inn mot mål.

– Dei siste fire mila var tøffe. Etter eg tok inn att Krill, drog eg åleine i over tre mil. Han sa han var for sliten til å hjelpe. Eg fekk skikkeleg krampe dei siste 200 meterane. Då er det game over, seier Ullebø

Dermed vann Alexander Krill. 16-åringen er likevel passe nøgd med dagen.

– Målsettinga var å vinne. Eg satsar skikkeleg på sykling. Men dette var bra, det var nære.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sedrik Ullebø, Alexander Krill og Joachim Ulsvik

Sedrik Ullebø, Alexander Krill og Karl Erik Kravik på sigerspallen etter Nordfjordrittet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ski- og sykkeltalent av dei sjeldne

At det knallharde rittet «ikkje var så gale», har nok samanheng med treningsgrunnlaget til den talentfulle 16-åringen. For han driv både med ski- og sykling, og skal gå på Toppidrettsgymnaset både i Bærum og på Geilo til hausten.

– Eg har ikkje bestemt meg for kva eg vil satse på. Difor skal eg gå på begge, for å kunne stå på ski i vintersesongen.

Det kan ikkje vere tvil om at både sykkelmiljøet og langrennsmiljøet vil ha han i sine rekkjer.

– I fjor var eg best i landet i min aldersklasse i sykling, og eg er i alle fall topp tre i år. Eg har vunne dei to ritta eg har sykla innanlands i år.

Det neste på programmet er ritt i Danmark og Sverige i slutten av juni.

Strålande dag

Bodil Fjellestad

Ingrid Fjellestad vann kvinneklassen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I kvinneklassen vann Ingrid Fjellestad. Arrangementsleiar Dag Arne Eide oppsummerar dagen slik.

–Det har vore ein strålande dag, med berre gode tilbakemeldingar. Det er godt liv i målområdet no, og god stemning.

Han seier det var rundt 200 deltakarar i år, noko meir enn i fjor.

– Det er ei fantastisk løype og eit godt arrangement. Ein syklist sa til meg i målområdet at dette er eit ritt som bør ta av.

Spente deltakarar før Nordfjordrittet 2014.

Foto og redigering: Heidi Lise Bakke