Hopp til innhold

God sesongstart for Sedrik (15)

Sedrik Engebø Ullebø (15) vart nummer to på både bakketempo, fellesstart og i samandraget under den nasjonale sykkelopninga i Rogaland denne helga.

Sedrik Engebø Ullebø

NØGD: Etter ein middels sesong i langrennssporet, fekk Sedrik Engebø Ullebø ein god start på sykkelsesongen.

Foto: Karsten Vabø / Vestpress

Talentet frå Høyanger vart og nummer fem på gaterittet.

– Eg er nøgd med dette. Eg var beste 15-åring, seier Sedrik Engebø Ullebø, som ikkje var lang frå å vinne fellesstarten. Åtte gutar gjorde opp om sigeren.

– Eg var i brot det meste av dagen, og hadde eg hatt litt meir tur på oppløpet kunne det blitt siger, seier han.

Frå ski til veg

Sedrik er nett ferdig med ein skisesong han ikkje ville kalla meir enn middels. Han vart nummer åtte på distanserennet under Hovudlandsrennet (NM for yngre) 15 sekund frå ein pallplass.

Medan han ikkje lukkast på sprinten på Savallen, der han hadde dei største forventningane til seg sjølv.

– Eg er ikkje meir enn middels nøgd med mine prestasjonar i vinter. Eg gjorde det betre på sykkel i fjor, og eg er innstilt på å halde det høge nivået på landevegen i år og, seier han.

Høgt nivå

Sedrik var ein av dei klart beste i Norden på sykkel i fjor i si klasse. Han blei ein og to på UM (NM for yngre), medan han vann U-6 i Sverige som er det største rittet for yngre i heile Europa. Her vann han tre av seks ritt, og han var på pallen alle seks dagar.

– Eg har mykje å forsvara. I fjor konkurrerte eg i gutar 14, medan eg no er yngst i 15–16 år, seier Sedrik som understrekar at det er langt høgare nivå i den nye klassa.

– Her er det og mange fleire som kan vinne. Breidda er kort og godt ein annan, seier han.

Feil taktikk

Sedrik trefte ikkje med taktikken på bakketempoen der han vart nummer to.

– Med fasit i hand er det klart at eg køyrde på eit for tungt gir. Ellers var det ein god prestasjon, seier Sedrik.

På gaterittet vart han nummer fem.

– Eg sat i ro i feltet då det avgjerande brotet gjekk to rundar før mål, seier Sedrik som trudde han skulle få meir hjelp i avslutninga til å køyre inn dei tre som stakk inn.

Thristan vann

– Vi blei aldri einige om nokon felles taktikk mot slutten. Dermed var plassane på sigerspallen fordelt, beklaga han etter å ha tapa spurten om 4 plassen.

Veslebror Tristan Engebø Ullebø (13) vann bakketempoen i helga, han vart nummer to på gateløpet, fellesstarten og i samandraget.