Hopp til innhold

Sumde Fjærlandsfjorden på langs

Kald og sliten kom Sønnøve Husabø Cirotzki (36) til brygga ved Kviknes Hotell i Balestrand laurdag ettermiddag.

Då hadde ho lagt bak seg 30 kilometer i Fjærlandsfjorden, med temperaturar frå ni grader innerst i fjorden til 16 grader i dei varmaste partia.

– Dette hadde eg aldri greidd utan dei gode hjelparane mine, seier ei smilande Sønnøve etter symjeturen.

Kvifor sumde Cirotzki Fjærlandsfjorden på langs? Les bakgrunnen for den lange, kalde symjeturen.

Sjå óg bileta våre frå symjeturen til venstre i artikkelen.

Hjelparar og gjestfridom

Ho takkar Guttorm Flatabø, som padla kajakk og var teknisk ansvarleg. Geir Ivar L. Ramsli, båtførar, fotograf og politiet sin kontaktperson. Og ikkje minst Sarah Jane Hails, som padla følgjekajakken heile vegen, og gav ein sliten symjar mat og drikke.

– Ho muntra meg opp dei gongen humøret og kreftene var på botn, fortel Cirotzki om Hails.

På stoppane ho hadde på vegen møtte ho på mange, gjestfrie menneske.

– Hjå Steinar Distad i Jordal fekk eg varm dusj, mat, drikke og ein times søvn. Hjå Rolf Ivar Romøren og Nora Hexeberg i Romøyri vart vi óg varmt mottekne, fekk sprøsteikt sjøaure surra i rømme til kvelds, gode varme senger å sove i, og ein framifrå frukost. Rein luksus for ein trøytt fjordsymjar, fortel Cirotzki.

Vind og bylgjer

Ho fortel at den låge temperaturen i byrjinga var den største utfordringa. Men etter at ho passerte Menes møtte symjaren vind og bylgjer, og vêret vart dårlegare.

– Då gjekk eg heilt tom for krefter, og humøret var dårleg. Men eg kjempa meg fram til flytebrygga hjå Britt Grimelid Menes, og ho gav meg ein varm dusj og høve til å få att varmen og krefter i kroppen, fortel ho.

Etter denne naud-stoppen var ho klar for sjarmør-etappen inn til Kviknes Hotell, der hotellet stod klar med varm suppe og mottakingskomiteen venta med norske flagg.

Cirotzki får mykje av inspirasjonen sin frå fjordsymjarlegenda Lewis Gordon Pugh, som sumde heile Sognefjorden på langs i 2004.