Hopp til innhold

Sym Fjærlandsfjorden på langs

To år etter hennar siste pionértur, utfordrar 36 år gamle Synnøve Husabø Cirotzki det våte element igjen.

Sønnøve Husabø Cirotzki

Synnøve Husabø Cirotzki bur seg på nye mil i Sognefjorden. Neste helg er det Fjærlandsfjorden på langs som står for tur.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Ho har lagt bak seg nær ni pionérmil i Sognefjorden. No er det duka for nær tre nye mil.

- Eg har aldri påstått å vere noko flygefisk og vil halde ein jamn fart på kring tre kilometer i timen, seier Synnøve Husabø Cirotzki.

- Ut på tur, aldri sur

Helga 24. og 25. juli gjev ho seg på nytt i kast med ein pionérsymjetur. Denne gang er det Fjærlandsfjorden på langs over to dagar som står for tur. Cirotzki har ambisjonar om å bli den første som gjer dette. Turen blir delt opp i to, med start i Mundal og målpassering ved Kviknes.

- Ut på tur aldri sur, men kanskje litt kald. Inst i fjorden målte vi 12 grader i fjor. Med veldig varmt ver, så kjem det meir smeltevatn og det blir kaldar, fortel 36-åringen.

12-13 grader

- Men eg håpar på greitt ver og berre kring timen med 12-13 grader, og så opp mot 15 grader. Midt ute - på sju-åtte kilometer - så er det 16 grader og oppover, seier Husabø Cirotzki og fortel at ho har ein skade i armen som gjer det umogleg for henne å symje lenger enn ein time i kaldt vatn.

- Eg er vant med å bade om vinteren, så eg veit eg vil tole det ein periode. For lenge under 12 grader får eg problem med ein muskel, slik at eg får dårleg framdrift, seier ho.

God og rein oppleving

Husabø Cirotzki er ikkje ukjend med å symje i Sognefjorden. Som oppladning til å symje dei over tre mila over Engelske kanalen i 2006, la ho bak seg vel fire mil iført badedrakt, badehette og symjebriller.

- Eg må seie eg stortrivast med å komme meg fram for eiga maskin i ein fjord. Eg vil gjerne ha med meg både kajakk og motorbåt, men dei må halde avstand så eg får fred og ro. Ligg dei for nærme, så blir du forstyrra. Eg ynskjer ei god og rein oppleving av Sognefjorden, seier 36-åringen som let seg inspirere av briten Gordon Lewis Pugh.

Let seg inspirere

Den symjegale advokaten symde heile Sognefjorden på langs frå Skjolden til Eivindvik på tre veker. I 2006 sette han også verdsrekord i å symje i kaldt ferskvatn då han la bak seg 1 200 meter på 23.50 minutt i Brevatnet ved Nigardsbreen. Per no har ikkje Husabø Cirotzki nye store mål som ho trenar mot.

- Eg har vore litt freista å tenke heile Sognefjorden i eitt, men det blir som å herme etter Lewis. Eg slo tida hans over kanalen med ti minutt, så kanskje eg skulle prøvd Sognefjorden på kortare tid, ler den spreke 36-åringen frå Sogndal.

Drøymer om stafettlag

Men ein draum har ho. Å stifte det første norske stafettlaget som kryssar den Engelske kanalen. Til no har ho ikkje kome over nok fjordsymjarar som er viljug til å legge ned iver og innsatsen det krev for å bu seg på den vel tre mil lange kryssinga. Sjølv brukte ho 14 timar og 43 minutt.

- Ein kan vere frå seks til ti personar. Er ein heldig med ver og vind, så kan ein klare den med ein etappe på åtte symjarar. Men då må ein nesten toppe eit lag, seier ho.