Roar Werner Vangsnes, som er førstekonsulent hjå Fylkesmannen, meiner dette er svært viktig. Vangsnes har i over ti år arbeidd for å utvikle eit bransjenettverk for bygdeturisme, og han trur at mange som driv med gards- og bygdeturisme sit på gjerdet og ventar på kva organisasjonane gjer.
– Potensialet er stort. På landsplan reknar eg med at det er over 3000 verksemder som burde vore med, og berre i Sogn og Fjordane trur eg potensialet er på 4-500, seier Vangsnes.
Uviss framtid
Mange spør seg om landbruket i Sogn og Fjordane har noka framtid. Einskilde prøver å tenkje nytt, og ein mogleg utveg kan ligge i skjeringspunktet mellom landbruk, matproduksjon og reiseliv. Over 3000 norske verksemder driv med gardsmat, overnatting og servering. 500 av desse er organisert i Norsk bygdeturisme og Norsk gardsmat.
Norsk gardsmat vart skipa i 1998 og femner i dag om verksemder som sel heimelaga mat. Norsk bygdeturisme vart skipa i 1997, men det fyrste fylkeslaget vart til alt i 1993 i Sogn.
Føregangsfylke
Og nettopp Sogn og Fjordane er eit føregangsfylke når det gjeld gardsmat og bygdeturisme, med 85 medlemsbedrifter. Ei av dei verksemdene her i fylket som har utmerka seg, er Henjatunet på Leikanger. Gardbrukar Ingvar Halsnes har funne nøkkelen til å kunne leve av eit vestlandsbruk: Mangesysleri, med vekt på gardsturisme.
Avgjerd i morgon
På eit fusjonslandsmøte i Steinkjær i dag og i morgon vert det avgjort om Norsk bygdeturisme og Norsk gardsmat slær seg saman. Dei to bransjeorganisasjonane arrangerer landsmøta på same stad. Dersom begge landsmøta vedtek at dei ønskjer ein fusjon, blir stiftingsmøtet for den nye organisasjonen i morgon. Og den nye organisasjonen skal då vere i drift frå 1. april i år.
Det føreligg tre namneforslag: "Norsk bygdeturisme og gardsmat", "Opplev bygdenorge" og "Landliv Norge". Odd Onstad, som driv Haugen gard i Flåm, er innstilt som nestleiar i det nye landsstyret.