Hopp til innhold

Tapte fleire hundretusen kroner på utsett opning

Opningshelga på Stryn sommerski har vore god, men skisenteret er misnøgde med å ha gått glipp av opningsdagen og sjansane for god inntening.

Stryn Sommerski

STOR INTERESSE: Mange tok turen til Stryn sommarski opningshelga. Biletet er frå eit tidlegare høve.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Det har vore strålande vêr og mykje folk, så vi er godt fornøgde. Vi har ikkje talt opp kor mange som har vore i bakken, men det har vore heilt full parkeringsplass og heiskø, så vi skjønar at det har vore bra med folk, seier Truls Omtvedt ved Stryn Sommerski.

Skitrekket på Strynefjellet er ein ynda boltreplass for skientusiastar, som vil køyre på snø om sommaren også. Etter planen skulle trekket opna torsdag, men manglande driftsløyve frå Statens jernbanetilsyn gjorde at opninga vart utsett til fredag.

– Det tapte vi mykje på. Truleg mellom 200 og 300 000 kroner, fortel Omtvedt.

Sjølv om mange hadde teke turen til Stryn allereie torsdag og var klare for å bruke Kristi Himmelfartsdag i strålande sol på Strynefjellet, så hadde dei forståing for at trekket ikkje kunne opne.

– VI fortalde kva som hadde skjedd, og vi opplevde ikkje at folk vart sure. Dei som bad om det fekk kostnadar refundert, og mange spente berre på seg skia og traska oppover bakken for eiga maskin. Det er toppturentusiastane vande med. Men, vi skulle gjerne hatt den inntekta som vi ikkje fekk, avsluttar Omtvedt.