Hopp til innhold

Sommarskisenter nær konkurs

Det er stor fare for at Stryn sommarski går konkurs. Driftsselskapet klarer ikkje lenger å betene gjelda.

Snowboardkøyrar hoppar på Stryn Sommarskisenter

GODT VÊR: Trass ein del godt vêr i sommar, var det langt frå så mange gjester som ein hadde håpa på for Stryn Sommarski. No kan det gå mot konkurs.

Foto: Norges Snowboardforbund

Underskota dei siste åra har vore store, og det har så langt vist seg vanskeleg å få tak i nye investorar.

Styreleiar Magne Brekke vedgår at sjansane får å unngå konkurs er små.

– Det er nok rett. Så lenge vi har dialogar som gir oss håp, så følgjer vi det, seier han.

Treng tre millionar

Nordfjord Kjøtt, Moods of Norway og Stryn kommune tok gjennom eit felles eigedomsselskap over Stryn sommarskisenter våren 2010.

Men heller ikkje dei nye drivarane på vegner av eigarane greidd å snu den negative trenden. Det samla underskotet siste tre åra er på kring tre millionar kroner.

– Vi erkjenner at den økonomiske situasjonen vår er frykteleg krevjande, så vi treng å forbetre kapitalen vår med mellom to og tre millionar kroner. Og det hastar, vedgår Brekke.

Gir ikkje opp

Moods of Norway sin representant i eigedomsselskapet, Jan Egil Flo, meiner derimot at selskapet ikkje står i fare for å gå konkurs. Han seier at dei no skal sjå på kva som skal gjerast.

For Stryn Sommarski er for godt til å forsvinne frå kommunen. Og uheldige omstende med vêr og føre er vanskeleg å kontrollere.

– Naturføresette ting gjer det vanskelegare og vanskelegare å drive der oppe. Det er det ikkje å leggje skjul på. Det må vere konsekvensutgreiing der ein eventuelt ser om det er håp for eit sommarskisenter på breen der, seier han.