NRK Meny
Normal

Han gjer heilomvending før valet

STRYN (NRK): Stryn Senterparti har snudd i spørsmålet om kommunereforma. Frå å ville greie ut samanslåing med tre nabokommunar, ønskjer no Sp at Stryn skal stå åleine og har døra på gløtt for Hornindal.

Per Kjøllesdal i traktoren i Utvik

VIL OPP OG FRAM: Per Kjøllesdal er klar for å stige ut av traktorsetet og opp i ordførarstolen i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Vallogo

Ein av veteranane i politikken i Stryn har ombestemt seg.

– Eg synest prosessen med kommunereforma er veldig dårleg. Den begynner i heilt feil ende og brukar alt for lita tid, seier Per Kjøllesdal.

Frå å røyste ja i kommunestyret til å greie ut samanslåing med Gloppen, Eid og Hornindal, trakkar no ordførarkandidaten til Senterpartiet, Per Kjøllesdal, på bremsa.

For Stryn ser Kjøllesdal no berre to alternativ. Det er nullalternativet der kommunen held fram som før, eller ei samanslåing med Hornindal.

Ingenting gale med Gloppen og Eid

Per Kjøllesdal er bonden og fylkestingspolitikaren som vart vald inn i kommunestyret i 1995, og har sete der sidan. No går veteranen laus på kommunereforma.

Eg trur samanslåing fører til byråkratisering og sentralisering og veldig lite forbetring for innbyggjarane, snarare tvert i mot, seier ordførarkandidaten.

– Kva gale er det med Eid og Gloppen då?

– Ingen verdas ting. Men eg trur ikkje ei organisering i veldig mykje større kommunar enn det vi har er tenleg.

Sven Flo

ØNSKJER REPRISE: I 2011 gjorde Høgre eit brakval i Stryn kommune. Ordførarkandidat Sven Flo ser gjerne at det skjer også i år.

Foto: Silje Guddal / NRK

Lite begeistra

På kommunehuset i Stryn er sittande ordførar Sven Flo lite begeistra for motstandaren si heilomvending i ei sak kommunestyret samrøystes vedtok i vår.

– Det synest eg er problematisk, både på vegner av innbyggjarane og overfor dei andre politiske partia, seier Flo.

– Men har ikkje Sp rett til å ta eit standpunkt og gjere det tydeleg overfor veljarane?

– Jo, men det burde dei vore tydelegare på tidlegare. Det er ikkje så mykje som har skjedd som endrar utgangspunktet vårt. Dette burde dei ha flagga mykje tidlegare, seier Flo, som er ordførarkandidat for Høgre.

Veteran mot røystesankar

I 2011 tok Sven Flo Høgre til det beste valresultatet for partiet i kommunen sidan 1980-talet. Høgre fekk 32 % oppslutnad, ein framgang på 19 prosentpoeng.

For første gong sidan krigen var ikkje Senterpartiet det største partiet i Stryn.

I kommunereforma er Høgre lojale mot mandatet frå Stortinget. Innbyggjarane si meining og resultatet av utgreiingsarbeidet vege tungt.

– Vi har som mål at desse fire kommunane (Stryn, Gloppen, Eid og Hornindal red.anm) skal finne ei løysing saman. Men vi har heile vegen sagt at dersom vi meiner at innbyggjarane ikkje får eit betre tilbod, innan for skule, helse, infrastruktur, så er heller ikkje vår målsetjing å bli størst mogleg, seier Flo.

Per Kjøllesdal vedgår at veljarane kan bli forvirra av snuoperasjonen til partiet.

– Ja, det kan godt hende det er forvirrande, men eg håpar eg skal klare å uttrykkje kvifor eg meiner som eg gjer, så får vi prøve å fjerne forvirringa litt etter kvart, seier Kjøllesdal.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå