Hopp til innhold

Strid om kjeveortopediavtalar i Sogn

Fylkeskommunen bidreg til urettferdig konkurranse for kjeveortopedar i Sogn. Det meiner kjeveortoped Per Opsahl.

Tannlegestol

KONKURRANSEVRIDANDE: Kjeveortoped meiner fylkeskommunen har brukt for lang tid på å avslutte gunstig avtale med konkurrentar.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Då Opsahl etablerte praksis i Sogndal i 2013, vart han lova at fylkeskommunen skulle seie opp avtalen om støtte dei hadde med to kjeveortopedar som pendla inn frå Bergen. Men dei har framleis ein gunstig leigeavtale med det offentlege.

– Vi helsar all konkurranse velkomen, men dette vert konkurranse på ulike vilkår. Det er konkurransevridande at det jobbar kjeveortoped i Lærdal som er støtta av fylkeskommunen, seier Opsahl.

Ikkje fylkeskommunal oppgåve

Clara Øberg

HAR AVSLUTTA AVTALE: Clara Øberg er direktør for tannhelsetenesta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Å sikre at folk i Sogn og Fjordane får hjelp med tannstillinga, over- og underbit er heller ikkje ei fylkeskommunal oppgåve.

Då fylkeskommunen likevel gjorde ei avtale med to kjeveortopedar frå Bergen i 2009 var det fordi det ikkje var slik kompetanse i fylket, og pasientane måtte reise heilt til Bergen for å få hjelp. Det seier direktør for tannhelsetenesta, Clara Øberg.

– Då fylkeskommunen gjekk inn på denne avtalen, så var det heilt rett på det tidspunktet, fordi det var svært få kjeveortopedar i Sogn og Fjordane, seier Øberg.

Vart lova endring

Då Opsahl kom til fylket i 2013 vart han lova at den offentlege støtta til konkurrenten skulle ta slutt. Men så har ikkje skjedd, og eit lågt pasientgrunnlag gjer det vanskeleg å få god økonomi.

Per Opsahl, kjeveortoped

KONKURRANSEVRIDANDE: Kjeveortoped Per Opsahl har etablert seg i Sogndal.

Foto: Privat

– Vi klarar oss førebels greitt utan å måtta subsidiere klinikken i Sogndal frå hovudklinikken på Lørenskog, men vi tener ikkje pengar, seier Opsahl.

Han krev difor at fylkeskommunen held lovnaden. Det kan Øberg forstå.

– Ja, Opsahl har mykje rett i at vi skulle ha avvikla denne avtalen tidlegare nettopp fordi han har etablert seg. Det har vi no gjort. Opsahl har etablert seg, og tatt kostnaden og risikoen med det sjølv, og eg har full forståing for Osahl sitt syn, seier Øberg.

Uforståande til oppseiing

Avtalen med fylkeskommunen inneber at dei to kjeveortopedane leiger ein klinikk i Lærdal ein til to dagar for veka, alt etter bruk. Knut Klepp er ein av dei, og han er på si side uforståande til kvifor avtalen må seiast opp.

– Vi stiller oss uforståande til at fylket for nokre år sidan investerte fleire millionar og utvida tannklinikken, og brått skal det no vere slutt. Vi har ikkje fått noko grunngjeving for kvifor det skal vere slutt, seier Klepp.

Øberg stadfestar no at dei allereie i januar sa opp avtalen, og at ein har gjeve Klepp og kollegaen eit års tid til å avslutte behandlingane.

– Ting endrar seg, og i dag er det kjeveortopedar tilgjengeleg i Sogn og Fjordane. Vi har vore svært heldige med at det har etablert seg kjeveortoped i Sogndal, og då finn vi det ikkje lenger naturleg at fylkeskommunen skal halde lokalitetar til ein einskild kjeveortoped, seier Øberg.