Hopp til innhold

Godkjend skuleverkstad møter motbør hos lokal bilbransje

Berre dagar etter at skulen fekk godkjenninga som autorisert bilverkstad vurderer dei å levere den tilbake. Den lokale bilbransjen har nemleg sett seg på bakbeina.

Bilverksted

GODKJEND: Før helga vart mekanikarlinja ved Måløy vidaregåande skule godkjend som bilverkstad. Det er ikkje sikkert det vil vare ved.

Foto: Colourbox

Som den aller første vidaregåande skulen vart Måløy vidaregåande skule før helga godkjend som bilverkstad. Det betyr at elevane på køyretylinja kan utføre godkjende reparasjonar.

Men berre dagar etter at godkjenninga er i boks, vurderer no skulen å levere den tilbake. Bakgrunnen er negative reaksjonar frå den lokale bilbransjen.

– Vi må nok kanskje bremse opp litt slik at vi er sikra eit godt samarbeid med bransjen vidare, seier utviklingsleiar Åsta Navelsaker Røed ved Måløy vidaregåande skule til NRK.no.

Svært glade for godkjenning

Fram til nyleg har elevane ved skulen hatt løyve til å mekke bil og drive med småreparasjonar på bakgrunn av unntaksreglar. Men for å vise at det er kvalitet i arbeidet som blir gjort søkte skulen tidlegare i haust om å bli godkjend bilverkstad.

Før helga var godkjenninga på plass, og både skulen og Vegvesenet meinte dette var svært positivt.

– Bilane elevane jobbar på skal ut på vegane, og då skal det vere kvalitet. Elevane skal også vite at det finst ei godkjenningsordning, sa lærar ved skulen John Arve Tenden før helga.

Vegvesenet på si side meinte det var svært positivt at elevane no får kjennskap til dei krav som vert stilte til ein godkjend verkstad.

Ved at skulen vart godkjend som bilverkstad får elevane mellom anna betre kjennskap til dei meir formelle delane av verkstaddrift, som til dømes lover og reglar, argumenterte Vegvesenet som gav godkjenninga.

Utmerkinga vart til belastning

Men berre dagar seinare er situasjonen ein annan. Skulen har fått negative reaksjonar frå bilbransjen i området. Utmerkinga som godkjend verkstad var tenkt å vere eit kvalitetsstempel for skulen, men har i staden blitt ei belastning. Enkelte av bilverkstadane har oppfatta skulen som ein konkurrent.

– Dei har kanskje misforstått og trudd at skulen skal satse meir på drift av verkstaden, men det er ikkje tanken til skulen, seier Navelsaker Røed.

– Berre dagar etter at skulen fekk godkjenninga vurderer de å levere den tilbake. Det kan høyrest ut som bransjen prøver skvise ut skulen?

– Vi opplever det ikkje heilt slik. Vi er opptekne av å ha eit godt samarbeid med bransjen. Det er viktig for bransjen at skulen har denne utdanninga, seier Navelsaker Røed.

Minimale skilnader i praksis

Ho presiserer at det ikkje er spesielt stor skilnad på kva reparasjonar elevane ved skulen kan gjere no enn før. Ein av skilnadene er at det no heng eit skilt på veggen som viser at skulen er godkjend som verkstad.

– Skilnaden er ikkje av stor betydning. Vi driv opplæringa som før, vi tenkte berre at dette var eit kvalitetsstempel, seier Navelsaker Røed til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian Andre Sæbø

KRITISK: Overingeniør Kristian Andre Sæbø i Vegvesenet stiller seg totalt uforståande til at den lokale bilbransjen ikkje vil samarbeide med skulen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vegvesenet: – Uforståeleg

Overingeniør Kristian André Sæbø i Statens vegvesen seier det er uforståeleg viss skulen blir sett på som ein konkurrent.

– Det at elevane får sett og brukt eit slikt kvalitetssystem på skulen, det vil absolutt vere til nytte for verksemdene når dei kjem ut i lære, seier Sæbø og legg til:

– Skulen har heller ikkje kapasitet til å konkurrere ut bedriftene i området.

Kritiske røyster

Meiningane i den lokale bilbransjen er ulike. Johnny Myklebust hos Berge & Co i Måløy seier dei ikkje har innvendingar. Men nokre har vore kritiske, stadfester Lars Jan Thorsen som er kontaktperson for dei mekaniske verksemdene i området.

Skulen trur reaksjonane kan skuldast at verksemdene som dei samarbeider med i området har fått for lite informasjon om kva skulen ønskjer å oppnå med å bli godkjend som verkstad.

– Vi vil kalle inn til eit møte med våre samarbeidsbedrifter og ha ein god dialog med dei vidare. Så får vi til slutt finne ut kva vi skal gjere, seier Åsta Navelsaker.