NRK Meny
Normal

– Det er ikkje greitt at ein tiåring er åleine heime

Lærarane streikar på tredje veka og det betyr at mange elevar i Førde ikkje har fått starta på skulen i det heile i år. Det skapar ein utfordringar for foreldra.

Lærarane streikar på tredje veka og det betyr at rundt 700 elevar på to skular i Førde ikkje har fått starta på skulen i det heile i år. Det skapar frustrasjon hjå foreldre.

SJÅ VIDEO: Mamma Gunn Kristin Dalseth tykkjer ikkje det er greitt at sonen Adrian på 10 år skal vere åleine heime no når streiken går føre seg. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/Eli Eikenæs Vengen

– Eg må på jobb, og det blir ein del åleinetid på han. Eg tykkjer ikkje det er noko særleg og likar det ikkje, seier Gunn Kristin Dalseth som er mamma til 5.-klassingen Adrian.

Over 7.800 lærarar er i streik og 100.000 elevar ved over 200 skular er ramma.

Ein av skulane som er i streik er Halbrend skule i Førde der det går elevar frå 5. til 10. klasse. 5.-klassingane er i dag samla på Flatene skule for å ta blodprøve. Eigentleg skulle dei gått tilbake til Halbrend skule for å ha undervisning, men lærarane deira er framleis i streik. Det betyr at Adrian slepp å gå på skulen.

– Det er bra det. Då kan eg vere med kompisar, leike og spele fotball, fortel Adrian som i grunn tykkjer det er greitt med litt ekstra sommarfri.

Vanskeleg logistikk

Flatene skule

STREIK: Elevane i 5. klasse ved Halbrend skule var i dag samla på Flatene skule for blodprøvetaking.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Adrian er difor mykje åleine heime noko som kan vere kjekt, men mamma Gunn Kristin Dalseth som i dag har følgt sonen sin til skulen tykkjer det er vanskeleg å få logistikken til å gå opp.

– Førre veke var Adrian heldig for på tysdag og onsdag var han med kompisar, så då var han med meg på jobb ifrå morgonen av og med dei frå klokka 11 og utover. Torsdag og fredag fekk han vere med ein nabokompis, seier Dalseth.

Sjølv om det gjekk greitt førre veke, tenkjer Dalset at ho kan ikkje trenge seg på hos andre.

– Alle har jo nok med sitt. Så eg tykkjer det er ubehageleg å ringje for å spør om han kan vere med kompisar. Og det å ta han med på jobb kan fort bli veldig kjedeleg for han. Eg har jo mine ting eg må gjere, men nokre timar går jo, fortel Dalseth.

Opptrapping av streiken

I to veker har lærarane streika utan å bli einige. No er ein i gong med tredje veka med streik. Dalseth trur også at denne veke går med til streiken.

Det er førebels ikkje klart kva konsekvensar opptrappinga av lærarstreiken vil få her i fylket. Det seier Gunn Marit Haugsbø, som er fylkesleiar i Utdanningsforbundet.

I Sogn og Fjordane er 166 lærar i streik. I går kveld møttest partane i konflikten til nye samtalar, men etter berre ein halv time i forhandlingar gjekk partane kvar til sitt, utan semje. Haugsbø seier dei no vil bruke dagen for å bestemme seg for korleis streiken skal trappast opp.

– Vi hadde eigentleg planane klare før helga, men situasjonen som vi no er i gjer at vi har behov for å gjere nokre revurderingar og tenkje oss om, både når det gjeld samansetting av streikeuttak og omfanget av streikeuttak. Vi treng dagen i dag, og så skal vi ha eit nytt møte med sentralstreikekomiteen i morgon, så tidlegast i morgon veit vi noko om det, seier Haugsbø.

Føler seg hjelpelaus

Utan familie i Førde føler Dalseth seg litt hjelpelaus om streiken kjem til å vare mykje lenger.

– Eventuelt må eg køyre han til Nordfjord til foreldra mine, men så kan streiken plutseleg vere over, og då må eg få han tilbake igjen og. Så dagane er litt frustrerande no.

Men sjølv om sonen seier han likar å ha fri trur ho at han inst inne har lyst til å starte på skulen att.

– Ja, eg gler med litt til å møte venner igjen, og det skal gå greitt med lekser og, kan Adrian stadfeste.

Kjedeleg med streik

Håkon Førland og Teodor Haaland Furelid

VIL PÅ SKULEN: Håkon Førland og Teodor Haaland Furelid saknar lærarane sine og er klare for å begynne på skulen att.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Det er litt kjedeleg og litt moro på same tid. Mattetimen er det dumt at vi går glipp av, for det er veldig moro, seier Håkon Førland (10) som eigentleg kunne tenkje seg å vere på skulen.

– Eg saknar litt det å vere i timen og gjere matte og norsk, men det får vi ikkje gjort no. No sit vi berre framføre dataen heile dagen. Det er ikkje så kjekt, seier Teodor Haaland Furelid (10).

Gutane tykkjer likevel det er kjekt å kunne vere ute å leike.

– Men ofte blir ein tom for idear om kva ein skal gjere når ein har så lenge fri, seier Teodor som tykkjer sommarferien har vore litt lang.

Vil ha lærarane tilbake

– Kva tykkjer de om at lærarane ikkje vil jobbe da?

– Eg tykkjer at dei burde kome tilbake til skulen att. Dei har fått beskjed om å vere her lenger, men det vil dei ikkje, så det er ikkje så mykje å gjere akkurat no, fortel Håkon.

– Dei må snart bli einige. Eg tykkjer det er litt toskeskap, seier Teodor.

– Om de kunne snakka til dei som streike, kva ville de sagt?

– Eg ville prøvd å få dei til å kome på skulen igjen slik at alle vi borna kan ha skule igjen, seier Håkon.

Gutane tykkjer ikkje noko om at det kanskje no vert enda fleire skular som streikar.

Lærarstreik

LÆRARSTREIK: I Sogn og Fjordane er 166 lærar i streik.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen