Hopp til innhold

Straffa kvarandre med nakenbad, barbering og trimoppvisning

Sogndalspelarane har gjort mykje anna enn å spele fotball på La Manga. Medan ein av dei yngste på laget kjem heim utan hår, har fleire av dei andre måtte kle av seg etter å ha tapt i kortspel.

Henrik Furebotn

STRAFFA: Henrik Furebotn måtte springe heim i berre underbuksa frå trening.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det har blitt tre tap og ein siger på fotballbana for Sogndal, som dei siste vekene har vore på treningsleir i Spania.

Men mellom øktene på fotballbana har det blitt mykje tid til ein annan aktivitet – nemleg kortspelet bondebridge.

Måtte springe heim i underbuksa

Og medan det svir sportsleg å tape på grasmatta, så svir det truleg litt i æra og sjølvkjensla å tape i det populære kortspelet, skriv Sogn Avis i dag.

For den som har tapt har blitt offer for heller fantasifulle former for «straff», og ifølgje avisa har fleire av spelarane måtte bite i det sure eple.

Seinast på tysdag måtte Henrik Furebotn springe heim frå trening i berre underbuksa.

Berre nokre dagar tidlegare fekk han ete middag med jentene på det norske U19-landslaget, problemet var berre at han måtte gjere dette utan å seie eit ord, skriv Sogn Avis.

Medan trenar Harald Aabrekk har uttalt at det ikkje har sprudla av laget på fotballbana, så kan det hende at det har sprudla litt meir utanfor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegar Dyrstad

UTAN HÅR: Vegard Dyrstad kjem heim frå treningsopphaldet på La Manga utan hår.

Foto: Arve Uglum / NRK

Barberte av seg håret og bada naken

Ørjan Hopen

ARMHEVINGAR: Ørjan Hopen fekk vise fram korleis skikkelige armhevingar skal gjerast.

Foto: Arve Uglum

Vegard Dyrstad på si side valde heller å barbere av seg alt håret, i staden for å ete ein taus middag med dei norske landslagsjentene. Utan hår på hovudet har han også tatt seg ein symjetur kliss naken i bassenget ved hotellet.

Ein av dei heller sportslege formene for straff etter å ha tapt i bondebridge, var det Ørjan Hopen som fekk utføre. Etter å ha ringt på døra til støtteapparatet til det norske U23-landslaget, viste han fram korleis ein skulle utføre både armhevingar og situps, skriv Sogn Avis.

PS: Sogndal spelar første kamp i tippeligaen 20. mars. Laget møter då Strømsgodset på bortebane.