Hopp til innhold

«Dagmar» hindra dei å komme på jobb - må kanskje jobbe inn vaktene

Tilsette som ikkje kom seg på jobb på grunn av ekstremvêret Dagmar, kan måtte jobbe inn igjen vaktene og bli trekte for helgedagstillegget.

Oddrun Hjelle

FIRKANTA: Oddrun Hjelle i Fagforbundet tykkjer Selje kommune er firkanta om tilsette må jobbe inn igjen vaktene.

Foto: Odd L. Drabløs/Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende skriv at Selje kommune har sendt ut eit brev der dei skriv at denne praksisen mest truleg blir følgt.

Dette tykkjer leiar Oddrun Hjelle i Fagforbundet er utruleg firkanta av kommunen. Ho seier siste ord ikkje er sagt i saka.

– Dei aller fleste tilsette kom på jobb så snart vegane var framkommelege 2. juledag og dei fleste var, etter det eg veit, på arbeid i ellevetida. Då verkar det firkanta og unødvendig av kommunen å trekkje desse for nokre få timar, seier ho til avisa.

Kva meiner du? Ta debatten i kommentarfeltet under saka!

– Dette er annleis

Sjølv sat ho oskefast for nokre år sidan og tykkjer det er greitt at ho den gongen blei trekt i løn eller måtte jobbe inn igjen vaktene. Men det som skjedde i julehelga meiner ho er annleis.

– Eg skjønar det må vere ei grense for arbeidsgjevar kva som er akseptabelt fråvær, men i denne saka er ein ikkje i nærleiken av denne grensa, seier ho.

Hjelle skal møte arbeidsgjevar neste veke og seier at denne saka blir eit tema.

Ønskjer klare reglar

Kommunalsjef for helse- og omsorg, Åse Elin Hole, seier at ingenting er avgjort og at ein er inne i ein prosess for å ta lærdom av det som skjedde under orkanen.

– Vi skal ikkje trekkje nokon i løn, men vi ønskjer klare reglar i framtida slik at vi er budde neste gong vi blir utsette for ekstremvêr, seier ho til avisa.

Ho seier at dei som møtte på jobb, men måtte gå heim igjen på grunn av straumbrot, ikkje blir trekt i løn. Det vil heller ikkje dei som ikkje kom seg på jobb på grunn av til dømes stengde vegar.

– Det som blir diskutert, er om dei som ikkje kom seg på jobb må ta igjen timane dei ikkje var der. Etter det eg kjenner til, skjer det i andre nordfjordkommunar, seier ho.