Sogndal vart rundspelt av Tønsberg i 1. omgang med 0-4 som resultat. Laget har ikkje vunne sidan 16. mai og må sjå langt etter dei beste laga på tabellen. Det er no 13 poeng opp til Sandefjord på kvalifiseringsplass og berre nokre små poeng ned til nedrykkstreken for SIL.
Lagkaptein Kjetil Ruthford-Pedersen spelte usikkert i forsvar. Han må ta to av måla på si kappe. Tommy Øren laga trøystemålet for Sogndal.