Sogndal Fotball tilbyr losjeplass til omlag 250 personar på kvar kamp. 16 losjar med plass frå 10 til 60 personar i kvar ventar på dei som har råd og høve til å nyte den nye fasiliteten på Fosshaugane Campus.
Med det nye tilbodet vil Sogndal gje sponsorane ei oppleving utover to gonger 45 minutt fotball.
Utviklinga av tilbod knytt opp imot fotball og idrettsopplevingar har auka kraftig dei siste åra. Med nye Fosshaugane Campus har også fotballflaggskipet i Sogn og Fjordane høve til å henge seg på utviklinga.