Hopp til innhold

Gjekk med 100 millionar i minus

Fjord1 gjekk med eit underskot på nær 100 millionar i 2012. Dette skuldast mellom anna at einskilde ferjeruter har vorte enorme tapssluk.

Leiv Øverland og ferje

MÅ TA TAP: Nær 100 millionar i minus er det sørgelege resultatet for Fjord1 frå 2012. No vil administrerande direktør Leif Øverland (innfelt) kutte kraftig i kostnadene.

Foto: Montasje (Hurtigruten Group ASA/NRK)

Både styreleiar Reidar Sandal og administrerande direktør Leif Øverland uttrykte sterk uro for årsresultatet etter styremøtet i Florø i ettermiddag.

– Vi har nokre kontraktar som vi i etterklokskap gjerne skulle sett vi ikkje hadde vunne, seier Øverland utan å ville gå nærare inn på kva for ferjesamband dei har tatt tap på.

NRK har bede om ei forklaring på kvifor Fjord1 ikkje vil offentleggjere kva for anbodsruter dei taper pengar på. Førebels vil ikkje selskapet kommentere dette.

Gamle kontraktar er verst

Særleg utfordrande er kontraktane Fjord1 inngjekk før 2009, der selskapet berre vert kompensert for endringar i konsumprisindeksen.

– Løns-, vedlikehalds- og drivstoffkostnadene i vår bransje aukar langt utover dette. Berre for 2012 gjev dette ei forverring i resultatet med 40 millionar, seier Øverland.

Kuttar 40 millionar

Han må innsjå at 2012 vart eit tungt år for ferjerederiet med heile 99,2 millionar i underskot.

No skal selskapet kutte dei årlege kostnadene med 40 millionar. Eit av tiltaka er å leggje ned avdelinga i Molde og flytte arbeidsplassane til hovudkontoret i Florø.

Selde bussverksemda

Omsetnaden for konsernet gjekk ned frå 2,98 milliardar i 2011 til 2,4 milliardar i 2012. I følgje konsernleiinga skuldast dette salet av bussverksemda til Nettbuss.

– Vi selde oss ut av bussbransjen medan det framleis var kjøparar i marknaden. Med forbetringsarbeidet er vi godt rusta for å konkurrere om nye anbod i ferje- og hurtigbåtbransjen, seier direktøren.