– Dei som jobbar i Molde får tilbod om å jobbe i Florø. Så vi skal ikkje seie opp folk, men legge ned kontoret.
Det seier styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal til NRK.
Molde mistar altså 32 arbeidsplassar, medan Florø får 32 arbeidsplassar. Så står det igjen å sjå kven som skal fylle arbeidsplassane.
- Les også:
Elendig resultat får skulda
Grunnen til nedlegginga i Molde er det elendige 2012-resultatet i Fjord1.
– Det har vore nødvendig å ta grep for å redusere kostnadene, og i dag har vi gått inn for ei rekkje tiltak, fortel Sandal.
I tillegg til samlokalisering av Molde og Florø går selskapet inn for mange innsparingstiltak.
– Vi skal spare inn over 40 millionar kroner, seier styreleiaren.
– Kontraktsinntekter skal aukast, drifta skal betrast, vi skal slanke toppleiinga, betre utnyttinga av flåten vår og betre innkjøpsrutinane, i tillegg til andre grep.
– Tung sak
Sandal er klar på at grepa er heilt nødvendige for å sikre den framtidige konkurranseevna.
– Dette har vore ei tung sak, og vi har ikkje teke lett på det sjølv om nokon har meint det, seier Sandal.
Administrerande direktør i Fjord1, Leif Øverland, er klar på at dei økonomiske utfordringane er store.
– Det veldig svake tel, med nesten 100 millionar kroner i negativt resultat i fjor. Det skuldast ikkje at enkeltmedarbeidarar ikkje har gjort ein god jobb.
Angrar fleire kontraktar
Øverland fortel at mange kontraktar skulle vore unngått.
– I etterpåklokskapens lys ser ein gjerne at ein del kontraktar ikkje skulle vore inngått.
Auke i løns-, vedlikehalds- og driftskostnadene har fått Fjord1 i eit ekstra uføre. Dei får berre kompensert for prisstiginga målt mot konsumprisindeksen.
– Berre for 2012 er der eit gap som utgjorde over 40 millionar kroner på vår botnlinje, seier Øverland.