Hopp til innhold

Stormoen attende på fotballbana

Sogndalspelar Harald Stormoen spelte måndag kveld sin første kamp på over fem månadar.

Harald Stormoen

Harald Stormoen er attende på fotballbana, etter fem månadar skadeavbrekk.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ein strekkskade i låret har det siste halvåret halde 29-åringen vekke frå fotballbana.

- Det var sjølvsagt deilig å kunne spele kamp att, seier den tidlegare Kongsvinger-spelaren etter 9-0 sigeren over Jølster .

Gav ikkje alt

Stormoen spelte sin siste kamp for A-laget til Sogndal 24. mars. Då vart det eitt mål i 8-2 sigeren over Førde i treningskamp. Mot Jølster gav han seg etter 45 minutt - utan nettkjenning.

- Eg er framleis litt usikker på skaden, så eg gjekk ikkje til for fullt i duellane. Så mykje stolar eg ikkje på låret enno. Slik sett var det ein grei kamp å få prøve seg i, seier Stormoen.

Tunge månadar

Stormoen fortel at skaden har gjeve han tunge månadar.

- Det har vore ein lang og kronglete veg attende. I byrjinga vart eg førespegla eit skadeavbrekk på fire til seks veker. Men etterkvart som du merkar at skaden ikkje slepp taket, så blir det mange nedturar, seier 29-åringen.

Alternativ hjelp

Inntil eit par veker sidan, fekk Stormoen tradisjonell behandling. Då oppsøkte han ein lege og fekk alternativ behandling.

- Då var eg ikkje så langt unna å kunne spele att. Kor mykje det har spelt inn, veit eg ikkje, men det kan kanskje ha hjelpt, seier han. Men comeback i 1. divisjonslag er framleis eit stykke unna.

Håpar på comeback

Ikkje er det noko han vil stresse heller, sjølv om det freistar å gjere sitt for å få Sogndal opp ein divisjon.

- Mine ambisjonar om førstelagsspel er udiskutable. Eg her her for å spele A-lagsfotball. Men det er to månadar att og eg treng framleis meir trening for å komme i form. Eg har ikkje gjeve opp å spele i haust, seier han.

Valsa over Jølster

- Samstundes har eg vore ute i fem månadar. Eg må berre halde fram med å trene godt, få nokre kampar med B-laget og sjå korleis kroppen reagerer. Om eg får vere med og hjelpe til i haust, så ynskjer eg det. Men det viktigaste er likevel å få kroppen til å fungere att, seier han.

Frå sidelinja såg han lagkameratane valse over Jølster.

- Kan fort bli slik

Over halve laget som Sogndal 2 stilte med mot Jølster, er å finne i A-lagstroppen til 1. divisjonsklubben. Espen Olsen noterte seg for fire av måla.

- Det vart eit veldig resultat, men no har vi byrja å få ein A-lagsstall som blir meir og meir skadefri. Det gjer at fleire A-lagsspelarar spelar for andrelaget og då kan det fort bli slike resultat, seier Stormoen.