Hopp til innhold

Storkontroll av turbussar på heile vestlandet

Det blir stadig fleire utanlandske bussjåførar på norske vegar. – Det er ikkje alle som har visum og arbeidsløyve, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen. Han var ute på storkontroll i dag.

Kontroll på Håbakken

HÅBAKKEN: Seksjonsleiar i Statens vegvesen Thormod Gausdal stoggar ein utanlandsk turbuss.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er særleg turbussane vi ønskjer å sjå på, på grunn av erfaringar frå tidlegare år, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

I dag stod han på Håbakken i Lærdal og kontrollerte bussar og vogntog. Dette var ein del av storkontrollen som Statens vegvesen gjennomførte i dag. Det var kontrollar fleire stadar på vestlandet, mellom anna i Geiranger, Olden, Romslo og Bergen sentrum.

Konkurransen må skje på riktig måte

Dei siste åra har det blitt stadig fleire utanlandske turbussar på norske vegar.

– Det er nesten ikkje norske bussar igjen. Noko som er greitt nok, dersom konkurransen skjer på riktig måte og ikkje ved at ein lurar seg unna krav, som er sett av norske myndigheiter, seier Gausdal.

Då må både visum og arbeidsløyve vere på plass. Difor deltok både politiet, Arbeidstilsynet, Utlendingsnemnda og Skatteetaten under kontrollen på Håbakken i dag.

Promillekontroll

– Politiet har gjennomført promillekontroll av bussjåførane. Det er ikkje overraskande etter resultatet i Aurland førre veke, seier Gausdal.

I Aurland vart to bussjåførar tekne i promillekontroll, med kort tids mellomrom.

Storkontroll på Håbakken

KONTROLL: Turbussar og vogntog vart kontrollert på Håbakken i dag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– I dag har resultatet stort sett vore bra, men vi treffer alltid dei som har brote reglane. I dag har det vore køyring utan løyve, men ikkje noko meir alvorleg enn det. Då blir bussen sendt ut av landet og passasjerane blir frakta vidare med ein annan buss.

Storkontroll kan bli ganske hektisk, ifølgje Gausdal.

– Det kan bli ganske heitt rundt øyra. Vi prøvar å vere effektive, slik at bussane kjem seg raskt av garde. Ofte er det ein guide som står og trippar.