Hopp til innhold

Storeslem av Erdal i NM

Familien Erdal frå Førde gjorde storeslem i NM i Skogsløp i Målselv.

Ole Martin og Karoline Erdal

TO NM-VINNARAR: Søskena Ole Martin og Karoline Erdal vann begge NM-tittel i dag.

Foto: Jørn Njøs

Karoline Erdal vann kvinneklassa, medan bror Ole Martin Erdal slo knockout på konkurrentane i herreklassa.

Sistnemnde skjønte raskt at det gjekk mot ein ny NM-tittel.

– Det var brukbart i dag. Kroppen fungerte og utgangspunktet var bra etter skytinga måndag. Det var berre å køyre på, seier ein nøgd vinnar.

– Korleis var løpet?

– Eg hadde eitt minutt i tillegg, så det var nokon føre meg med fullt hus. Men eg tok dei fort att.

Dette er ikkje første gong han vinn skogsløpet i NM i seniorklassen.

– Eg trur det er fjerde eller femte gong. Det har blitt nokre gonger, for eg presterer best i feltskyting. Både skytinga og den fysiske forma er god.

Ole Martin tykkjer det er stas at søstera vann kvinneklassen.

– Det er kult at ho også spring og skyt bra, seier han.

Ei nøgd Karoline Erdal seier det er artig å vinne NM, men at det var eit hardt løp.

– På andre runden fekk eg sting i sida, så eg hadde mest lyst å gå. Men det var nokon bak som sprang veldig fort, difor måtte halde opp trykket.

No skal ho bruke nokre timar til å lade opp til prinsesseskytinga i ettermiddag.

– Eg skal slappe av og ete litt, seier ho.