Einar Nybø i Flekke håpar han no får erstatning etter det store sauetapet.
Eksistensen til garden i fare
Han har mista nesten halvparten av dei lamma han sende på beite i fjor. 25 av lamma kom ikkje heimatt. At tapa er så store er relativt uvanleg i Sogn og Fjordane. Nybø fryktar at heile eksistensen til garden hans er truga. - I den første perioden i haust hadde eg lite lyst til å gå i fjøsen, men eg må berre bite det i meg og gå vidare, men eg veit ikkje kva eg skal gjere dersom dette held fram, seier Einar Nybø.
- Revejakt må bli meir lønsamt
Også fleire andre melder om store tap i Fjaler. Og etter at det har hagla inn med meldingar om reven som har gjort stor skade, vil viltforvaltar i kommunen, Leif Jørgen Løseth, no sjå på tiltak for å gjere revejakt meir lønsamt. - Det er stort sett hijakt som er aktuelt, og det tek mykje tid. Skal vi få fleire til å jakte, må det bli betre betalt, seier han.