Hopp til innhold

Stor tilbakegang for Ap i Lærdal

Veljarane i Lærdal har truleg sagt kva dei meiner om Arbeidarpartiet si handtering i sjukehussaka. Partiet er ikkje lenger det største i kommunen, den posisjonen har Sp teke.

Johan Nes

SKUFFA: Ordførarkandidat Johan Nes frå Arbeidarpartiet er ikkje nøgde med årets valresultat.

Foto: Tommy Aarethun

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Johan Nes, er skuffa over årets valresultat for partiet.

– Eg er veldig skuffa over at vi går tilbake med tre mandat, frå sju til fire. Vi hadde eit håp om at vi skulle klare sju, men slik gjekk det ikkje, seier han.

Strid og sjukehussak

Med 25,3 prosent av stemmene, har dei fått ein tilbakegang på heile 16,1 prosentpoeng. Dei fire siste kommunevalet har Ap fått mellom 39 og 46 prosent av stemmene. Nes trur at tilbakegangen skuldast ein kombinasjon av sjukehussaka og uroa rundt noverande Ap-ordførar.

– I tillegg er det mange som ikkje kjenner meg. Eg er fersk og ukjent, sjølv om eg har budd her i ni år, seier Nes.

– Har du ikkje markert deg godt nok i valkampen?

– Ein kan alltid stille spørsmål ved det. Men det er ikkje lett å vere Ap-medlem når det er gjort slike vedtak som i sjukehussaka. Det har vi fått merke.

Senterpartiet størst

Senterpartiet er no det største partiet i kommunen med 28,7 prosent, med ein tilbakegang på 0,3 prosentpoeng. Partia med størst framgang er Sv med 14,4 (+ 4,4), V med 13,5 (+ 4,7) og Høgre med 18,1 (+ 7,3).

Tidlegare har Arbeidarpartiet samarbeidd med Senterpartiet. Nes har ikkje mista trua på at han kan bli ordførarar, men er ikkje overraska om det blir Jan Geir Solheim frå Sp.

– Det kjem an på konstellasjonane mellom dei forskjellige partia, seier Nes.