Hopp til innhold

Stor stein knuste fylkesveg

Ein stor stein øydela vegen til Veitastrond i Luster. Fleire sneik seg forbi for å redde konfirmasjonsdagen.

Øydelagd veg mellom Hafslo og Veitastrond

STOR GROP: Roger Fåberg reiste på eige initiativ til staden for å sjå kor store skadene er. Han seier gropa i alle fall er 60–70 centimeter djup.

Foto: Roger Fåberg

Fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond blei stengd i 12-tida ved Bjødnabakkgjelet. Klokka 15:30 melder Statens vegvesen at vegen er open att.

Vaktoperatør Jan Erikstad seier steinen øydela vegbana. Det blei ei stor grop som var 60–70 centimeter djup.

– Steinen har reist vidare, så den er vekke frå vegen. Men vegbana blei øydelagd.

Gropa er no fylt igjen og bilar kan passere fritt.

Køyrde forbi gropa

Det er konfirmasjon i Veitastrond i dag og fleire blei fortvilte då dei høyrde at vegen var øydelagd. Ei av dei er Edith Flugheim. Dottera har konfirmert seg i kyrkja i Veitastrond og resten av feiringa skal skje på Hafslo.

– Det var ikkje sett opp nokre vegsperringar langs vegen, så vi valde å køyre forbi på eige ansvar på denne viktige dagen for oss alle. Det ville vore heilt forferdeleg for dei to konfirmantane om vi ikkje kom oss til Hafslo, fortalde ho til NRK.no tidlegare i dag.

Rasutsett veg

Folk frå entreprenøren har vore på staden for å sjå på skaden. Det er førebels uvisst om det kan rase fleire steinar ned på vegen.

Vegen til Veitastrond er blant dei mest rasfarlege vegane i fylket. Det er ikkje ein ukjend situasjon at dei må lita på andre transportmiddel for å koma seg til å frå bygda om vinteren, då store snøskred ofte sperrar vegen. Det er no planlagd ei tunnel i området der steinen kom ned.

Øydelagd veg mellom Hafslo og Veitastrond

ØYDELAGD: Det er førebels uvisst kor lang tid det tek å fikse vegen igjen.

Foto: Roger Fåberg