Stor dag for menn med klokkartru

Nokre timar forseinka er den store Yme-plattforma endeleg på veg til land på Lutelandet i Fjaler.

Her glir den store skandaleplattformen Yme sakte, men sikkert mot land på Lutelandet i Fjaler.

SJÅ VIDEO: Eit gigantskip må til for å frakte den enorme skandaleplattformen Yme til Lutelandet. (FOTO/REDIGERING: ODDMUND HAUGEN/FJALER FILM)

Arve Helle er styreleiar i Lutelandet Utvikling AS, og for han er tysdag den 23. august 2016 på linje med julaftan.

– Eg må vedgå at forventningane mine var omtrent som på julaftan då eg var fem år.

– Er det ein så stor dag at folk bør heise flagget i Fjaler?

– Ja, absolutt, dette er ein stor dag, det er det ikkje tvil om.

– Slike ting tek tid

Arbeidet med demontering av Yme-plattforma vil ta rundt eitt år. Mellom 60 og 70 personar vil arbeide direkte med dette. Storparten av desse kjem utanfrå. Men Helle seier at arbeidet vil ha store ringverknader.

– Dette gir arbeid til underleverandørar og fører til nyskaping i området.

Som tidlegare ordførar i Fjaler har Arve Helle vore mellom initiativtakarane og pådrivarane til utviklinga på Lutelandet, og han har aldri mista trua på at dei skulle få til noko.

– Slike ting tek tid. Det er ikkje gjort på eitt til to år, her må ein vere uthaldande. Det viser dette prosjektet som vi har halde på med i ti år.

Skal demontere skandaleplattform

Og på ein stor dag for Lutelandet og Fjaler er det verd å merke seg at dei som i si tid fekk bygd Yme-plattforma ikkje har like god grunn til å heise flagget. Det må i så fall vere på halv stong.

For Yme har fått den tvilsame statusen som den største skandalen i norsk oljehistorie. Sjeldan har uttrykket «hastverk er lastverk» vore meir passande. Hastverket førte til mykje slurv og feil då plattforma vart bygd på eit verft i Abu Dhabi.

Plattforma vart slept til Stavanger, der ei rekkje feil og manglar vart utbetra. Men den nederlandske eigaren gav seg ikkje tid til å få fullført arbeidet, og plattforma vart slept ut til Yme-feltet sommaren 2011.

Året etter, 10. juli 2012, vart det oppdaga sprekkar i berekonstruksjonane, og 140 personar vart evakuert. Seinare vart det avgjort at plattforma, som ikkje har pumpa opp så mykje som ein liter olje, skulle skrotast. Til saman har dette marerittet kosta 14 milliardar kroner.

Teknisk Ukeblad har summert opp alt som gjekk gale på Yme.

«- den andres brød»

Stein Arne Ottesen

– DÅRLEG TIMING: Stein Arne Ottesen er i Spania når Yme-plattforma kjem til Lutelandet.

Foto: privat

Men eit anna ordtak som passar i denne historia er «den eines død, den andres brød». Og for dei som ynskjer aktivitet på kysten av Sogn og Fjordane er det gull verd å få hogge opp skandaleplattforma.

Ein som ikkje er på plass på Lutelandet denne historiske dagen er Stein Arne Ottesen, no pensjonist, tidlegare dagleg leiar i Lutelandet Utvikling AS. Han er på ferie i Spania, men skulle gjerne ha vore med på å nyte synet av det første skikkelege oppdraget.

– Det er dårleg timing. Vi trudde at plattforma skulle kome ei veke seinare. Men eg skal heim torsdag, så då får eg no sjå den. Men eg skulle gjerne ha vore der i dag, for det er ein stor dag, sjølv om vi har visst i tre år at denne dagen ville kome.

Har aldri mista trua

Stein Arne Ottesen har heilt sidan starten i 2005 hatt klokkartru på at dei skulle få til aktivitet på Lutelandet. Han forstår likevel at mange har vore skeptiske til om det ville bli noko av det.

– Det har jo gått lang tid. Men då vi starta var det nokon som sa til oss at det ville ta ti år. For oss som har jobba med det og har sett jamne framsteg har det ikkje vore så plagsamt.

Han vedgår at det av og til kan ha vore vanskeleg å svare folk på butikken eller andre stader når det ikkje har skjedd noko på eit par veker.

– Men vi har visst at det kom til å gå bra, så vi har berre jobba på.

Ottesen pensjonerte seg då arbeidet til Lutelandet Utvikling AS var fullført og private aktørar overtok, men han jobbar framleis innimellom.

– Eg har eit kontor på Lutelandet framleis.

Og han har tru på at opphogginga av Yme-plattforma berre er starten.

– Det skal i snitt rivast mellom 15 og 20 installasjonar i året dei komande 30 åra. Ein del av dei kjem nok til Lutelandet, og kanskje dei største konstruksjonane, sidan Lutelandet er det anlegget som kan ta dei største oppdraga.

– Ligg heilt fantastisk til

Lutelandet i 2007

FOR NI ÅR SIDAN: Slik såg det ut på Lutelandet før anleggsarbeidet tok til.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Som på resten av kysten av Sogn og Fjordane er det fin natur på Lutelandet. Men styreleiar Arve Helle meiner aktiviteten på øya ikkje er til særleg sjenanse for friluftsliv og naturverninteresser.

– På ingen måte. Øya har vore avsett til industri/vindkraft i tiår etter tiår. I den grad det har vore slike diskusjonar har vi gjort oss ferdige med dei for lenge sidan. Det er rikeleg med fin natur att her, og eg synest ikkje det skjemmer naturen særleg at det er aktivitet her.

Han meiner Lutelandet er som skreddarsydd til demontering av oljeinstallasjonar.

– Det ligg heilt fantastisk til, både med nærleik til oljefelta og med gode innseglingstilhøve og med lite konfliktar med naboar. Det er rett og slett perfekt eigna.